Eg tok meg en tur rundt Bjørke.
Rart kor stilt det er.
Før møtte vi folk mange plasser nede i Bjørkevikja.
Klart eg tenkte tilbake på den gangen vi børset på
butikkene og tok en tur på posten.
Nå er det også slutt på skrålet frå barna på skuleplassen.
Eg spurte meg sjølv om dette:
Kva gjer du for å lage liv i Bjørkevikja.
Klart vi alle kan gjere litt for å lage liv og røre i Vikja igjen.
Eg må så klart gjere mitt for å skape liv og røre på nytt.
Man kan ikkje vente på at andre skal gjere det
uten å gjere litt sjølv.
Men eg trives på Bjørke sjølv om her er stilt.
Må man vere innfødd for å trives her nå når butikk -post og skule er vekk?
Stilt var det på skuleplassen .
Det er ikkje mange dagene siden her var leik og mange barn i friminutta. Rart å tenke på at eg var av en av dei første som begynte på nyeskulen for 40 år siden.
Kvar har tida vårte av.
På Butikken traff du folk støtt og Agnes viste om det meste i Bygda. Her kunne man børse litt med andre frå bygda.
Det var ikkje mange spor etter folk å sjå i dag.
På J.Buda var der også folk å treffe før i tida.
En prat med Buda Jacob var alltid kjekt og man fekk frette både nytt og gammalt .
På posten er det stilt også.
Her kunne du hente pakkene dine som du nå må køyre ned i Austefjorden for å hente.