Arrangørkomitèen med funksjonær Alf Ole Aarseth, deltakar Arild Årseth og underteikna trakka og preparerte løyper i første del av vinterferien, og mot slutten av veka vart det konkurrert i to dagar for dei fleste av elevane som gjekk på Rekkedal skule (1. til  6. klasse).

Så lenge ingen hadde kome med idéen om å arrangere Commodore 64-fest heim på Fredly i vinterferien, så måtte vi sjølvsagt finne på noko anna. Og med Ski- VM i Seefeld rullande over tv-skjermane ville vi gjere som heltane Ove Aunli og Per Bergerud. Dermed var Årseth-VM 85 ein realitet. Medaljar vart laga til ved å bore hol i 50-øringar, samanlagtpremiar kom vi over på Slettedal, som hadde eit uslåeleg tilbod med 3 stk. glas til 18 kroner. Og hovudpremien var ikkje småtteri. I fleire dagar hadde Molands-Iver (Ivar O. Moe) jobba på spreng framme i smia si, og kunne til slutt presentere eit imponerande handverk. Ein flott trepokal vart levert, og Årseth VM kunne byrje for alvor.

alle85
Ingenting å seie på idrettsleik og glede blant deltakarane i Årseth-VM.
Frå venstre: Karen Rekkedal, Lars Helge Riise, Reidunn Tvergrov Øye, Wenche Hanebrekke, Kjell-Johan Aarseth, Arild Årseth, Stig-Petter Rekkedal, Erik Hill, Odd Rune Walseth, Rune Lied, Øyvind Wille, Ivar Osvoll, Espen Rekkedal, Inger Lise Hanebrekke.

”Ka for noke? 5 krone i startkontingent? Dokke he ikkje lov å tjene penga på ditte”, formante mor mi. ”Nei så klart, vi skal berre dekke utgiftene”. Då var det greitt. Og litt utgifter var det såklart. Vi leigde inn Gunnar Stokke som gjorde ein framifrå jobb med å lage langrennsløype med snøscooter, så for 20 kroner var det ein vel anvendt post i budsjettet.

Det vart arrangert fire øvingar i Årseth VM, med langrenn og slalåm eine dagen, og avslutta med hopp og utfor dagen etter. Beitet til Haua-Knut fungerte ypperlig som arena for hopp og utfor. Slalåmkonkurransen var i Kviebeitet, medan langrennet gjekk føre seg på marka nedom huset på Kvia.

Slalom_eldst
Frå premieutdelinga i slalåm eldste klasse. Reidunn Tvergrov Øye, Kjell-Johan Aarseth og Odd Rune Walseth. Beundrande tilskodarar til venstre er Rune Lied og Øyvind Wille.  Øyvind poserer med dei argaste polvottane som var å oppdrive i 1985.

slalom_yngst
Stram trio etter fin innsats i slalåmbakken. Kvar vert det av nasjonalsongen? Rune Lied, Ivar Osvoll og Øyvind Wille.

langrenn_eldst
Sigerspallen i langrenn. Stig Petter Rekkedal, Kjell-Johan Aarseth og Wenche Hanebrekke. Meiner bestemt at slalåmstøvlane ikkje vart nytta i langrennskonkurransen.

langrenn_yngst
Glade Langrennsgutar i yngste klasse. Ivar Osvoll, Øyvind Wille og Erik Hill.  

kj_hopp
Underteikna i svevet frå hoppbakken i Haua-beitet.
Quiz: Kor høgt er fjellet i bakgrunnen? Evt. Hur bredt har ni hoppat?

samanlagt_yngst
Ivar Osvoll hevar samanlagtpremien i yngste klasse flankert av sølvvinnar Øyvind Wille og Inger Lise Hanebrekke med tredjepremie. Sterkt av Osvoll å vinne med tanke på boblevesten han har på biletet som fungerte som ein effektiv flagrande luftmotstandar i utforkonkurransen.

samanlagt_eldst
Samanlagtvinnarane i eldste klasse.
Frå venstre bak: Odd Rune Walseth, Kjell-Johan Aarseth, Wenche Hanebrekke.
Framme: Lars Helge Riise, Henrik Wille, Arild Årseth.

Som det går fram av biletet vann underteikna pokalen samanlagt. Med heimebane-fordel og ein storebror som tidtakar gjekk det greit. Pokalen står i muséet fram på Kvia. Mulig der ligg nokre daude fluger oppi. Eit kjært minne er det i alle fall å ha, og den godaste Molands-Iver har også gravert inn namnet sitt og årstal under pokalen.


Oppfordring: Finn fram skia Bondalsungdom og trakk løyper til dokke ser fanden i hælane. Kanskje det dukkar opp ein pokal i det fjerne? Men så var det den snøen ja.