I 2007 kom det nesten 1000 mm nedbør over normalen på Hustad.  No fastslår vêrobservatør Anne Hustad at starten på 2008 også er våt.

IMG_3887 (Large)

Anne Hustad ved den offisielle målestasjonen på Hustad

I januar 2008 kom det 290,9 mm nedbør på Hustad.  Normalen er 199 mm.

Døgnet med mest nebør vart målt den 29. januar, då kom det 53,5 mm.  Den 21. januar var det mest snø - 12 cm.  Det var elles fleire dagar utan snø på Hustad denne månaden.  I januar var det 8 dagar utan nedbør.

Vi som bur lenger framme i Bondalen har nok hatt mykje meir snø enn 12 cm i januar.  Er det nokon som har målt andre stadar i Bonalen eller i resten av Hjørundfjorden?

Og som vanleg ventar vi på resultata av målingane på Petterbakkane i Ørsta.