Førstkomande søndag arrangerar ETK det første av tre renn i Telenorkarusellen. Rennstart vert klokka 13.00. Alle små med telemark/fjellski/turski kan delta. Det vert premiar til alle og det er gratis å vere med. Vi kjem til å stikke ei enkel grei løype i barnetrekket med eit lite hopp og reiplykkje. Dei to neste renna i karusellen er søndag 10. februar og laurdag 23 februar.

Telemarkklubben har starta med måndagstreningar for barn og vaksne i barnetrekket på Bondalseidet. Klubben står for køyring av trekket og å lære bort telemarksvingteknikk. Treningane sartar kl 18.00 og varer et par timar. Det vert nye treningar 28/1, 4/2, 18/2 og 25/2.

Vel møtt alle saman

Deltakarar 2007

Måndagstrening