Nørvøy er no gammal og oppnår ikkje dei nye serfikatane uten store påkostander, derfor går ho ut av ruta si ved månedskiftet Januar-Februar. Det er no over 40 år sidan ”Nørvøy” vart sjøsett hos Storvik Mek. I Kristiansund. Og 30 år seinare vart ho sett inn på Hjørundfjord-ruta der ho avløyste søsterskipet B/F ”Valldal”, men etter over 10 år er det B/F ”Eiksund” sin tur å avløyse ”Nørvøy” på Hjørundfjorden.
”Nye ferja” vår "Eiksund" , vart bygd i 1970 for Bergen-Nordhordaland Trafikklag i Bergen og ho hadde då namnet B/F ”Radøy”. I 1986 vart ho kjøpt av MRF og omdøpt til ”Eiksund” og gjekk i forskjellige ruter. I 1995 vart ho sett inn på Eidsdal-Linge som A-ferge. Då TIDE ASA overtok Volda-Lauvstad med Nybygget B/F ”Lauvstad” frå nyåret, vart ”Geiranger” ledig og overtok ruta for ”Eiksund” på Eidsdal –Linge og dermed vart her ei ledig ferje.
Etter ei lita stund i opplag, gjekk ho inni sambandet Molde -Sekken, og erstatta "Edøy" alias "Julefergå", som også hadde sin siste tur i Januar. No når "Linge" kjeme tilbake frå leigeoppdrag i Trøndelag og tek over dette sambandet til "Hareid", då kjem ”Eiksund” i ruta Sæbø-Leknes-Skår-Trandal - Standal.
 |
 |
Gode gamle "Nørvøy" i solnedgang.
|
Nyeferga "Eiksund" ©Fjordfähren in Norwegen |
Nørvøy er no lagt ut for sal saman med nokre andre MRF-ferger. Annonsa finn du her .
Men korleis skal det gå med kaia på Sæbø? ”Eiksund” er større enn ”Nørvøy” og passar fint til ruta, men den har større motor og dermed fare for større utvasking av kaia. Kva vil Kommuna og Vegvesenet gjere med dette?
Korleis går det med "Nørvøy" når ho blir seld?
Eller kanskje i drift i Norge forsatt som søsterskipet sitt?
Men no er det nok over for B/F ”Nørvøy”, i slutten av Januar 2008 forlet ho Hjørundfjorden for godt og går i opplag og vert seld til annan bruk. Og det er egentlig sterk tvil om ho noken gong kjeme tilbake på Hjørundfjorden etter Januar 2008.
Siste reis for Nørvøy Torsdag (30.01.2008 kl. 22:10)
Siste reis for "Nørvøy" blir Torsdag 31. Januar,og ferga skal i opplag i Hjørungavåg. "Aure" ligg på plassen no og må flyttast, visst ikkje "Aure" flyttar seg, må Nørvøy kanskje legge seg på Sæbø midlertidig.
Ja, Vibeke eg har filmen "Kaffi og Svele" :-) og til Roy, du var jo med å spele i den da? kjekke film;-)
Sondre Kristoffer Mo
Kaffi og Svele (29.01.2008 kl. 20:49)
Det var "Norddalsfjord" som var med på den filmen.
Mvh
Roy Lillebø
kaffi og svele : ) (29.01.2008 kl. 16:11)
No var eg nettopp inne på You Tube og kika på siste reis : )Men eg tenkte på ein ting, når eg ser dei gamle ferjebilda, kva ferge var kortfilmen "Kaffi og svele" spelt inn på då? Der var det ein del lokale heltar som medvirka - og filmen har eg på ein eller annen VHS-kassett, så eg får heller finne den og kome med ei oppdatering på det. Men Sondre har vel neppe sett filmen, om det ikkje ligg på You Tube da!
Vibeke Mo
No også på youtube (28.01.2008 kl. 22:44)
http://www.youtube.com/watch?v=kjFaiwojwyc
Rune Sæbønes
Om ferjer og kål. (24.01.2008 kl. 16:33)
Kjempeflott for Hjørundfjorden å ha en ferjeekspert Jeg husker turer men ikke ferjenavn. Strekningen Sæbø - Urke forbinder jeg , merkelignok med kål. Hodekål, av den sorten en mann som hette Petter og bodde på Aldersheimen alltid hadde i handa. Han var fra Ålesund og gikk rundt og hilste pent på alle han traff på sine spasertuere.Barna på Sæbø (tidlig 50-tall?) fikk av og til være med på gratis ferjeturer tur- retur Sæbø - Urke , og da gnagde vi på kål. På Urke brukte vi å titte opp til et lite hus med fine blomster og blondegardiner. Der visste vi at bak blomsterpotta satt ei gammel dame med en kikkert og studerte livet på ferjekaia.Små barn små gleder, og det gjaldt vel også for dama med kikkerten.Men kålen - som vi gjorde kål på. Hvor den fra? Fra ferja og Urke ?
Sølvi Britt Skylstad
Mange gode komentarer! (24.01.2008 kl. 15:49)
"Moli" har nok aldri trava på Hjørundfjorden, eg brukte berre ho som eksempel korleis det skal gå med henne, men dei to andre har gått her, men Moli er ei Ex. Norsk ferge.
Ja, eg får holde på hatten Roy!:-)
Den ferga eg trur du var med Knut var nok "Bilfergen", visst ho var litt stor så kan det hende at det var "Frigg II" men eg satsar på "Bilfergen";-)
Jo "Vestra" er i full stand, ho ligg nedi Stavanger som arbeidsferge, resten får du finne ut her: http://www.stp-norway.com/Forum/viewtopic.php?t=10312
Og no har eg snakka med mannskapet på Nørvøy, dei ventar på ordre om å gå :-(
Sondre Kristoffer Mo
Vestra (24.01.2008 kl. 12:05)
har avogtil tenkt litt på kvar det vart av Vestra, men aldri kome så langt at eg har googla. Flott artikkel med fine linkar til bra nettressursar. brukte opp heile lunchen min her eg :)
Roy: vinden tok godt tak i oss i morgontimane her og verstasjonen på eitrefjell melde om over 30m/s i kasta. www.himmelseglarane.com
Arnfinn Mork
Min første fergetur (24.01.2008 kl. 10:34)
Var nok ca 1955. Gamle Myrhol og Sæbønes Alfred sveiva ferjelemen for hand. Den låg nærare kaihuset den gongen. Vi gjekk i land på Urke og var på besøk hos lærar Hustadnes, som var onkel til mor mi. Nokre år etter vart det veg til Lekneset og fergeleiet vart dermed flytta. Men skal tru kva slag ferge som gjekk Sondre?
Knut Riise
Flott Sondre:-) (24.01.2008 kl. 05:21)
Godt å sjå bilde av ein still og fin fjord når eg sitter ute på "Veslefrikk" no. Her bles det no 80kn = 148km/t så hold på hatten, det kjeme mot land.
Mvh
Roy Lillebø
Takk til Sondre for ferge-research! (23.01.2008 kl. 22:14)
Kjempeflott at du driv litt og grev i ferge-historikk frå Hjørundfjorden, Sondre! Her sår du frøa til ein komande artikkel i sogelagsboka,tenkjer eg! Men kva tid trava Moli på Hjørundfjorden?
Thomas Hame