Nyttårsplakatane har vore tradisjon på Sæbø i snart ein mannsalder og her har vore skildra årets flauser og suksessar. Det har til sine tider vore blanda følelsar når ein oppdager at ein har kome på ein plakat. I år var der 18 plakatar og både teikning og tekstar var gjennomtenkte og kvalitetssikra.

Tanken bak plakatane var opprinneleg å samle folk frå heile bygda på kaia nyttårsafta, og det har det  i år også. Det har også vore tradisjon at dei som står bak teikning og tekstar skal være ukjende for at ein eller annan som er frustrerte ikkje skal vite kven dette skal gå utover.

Hjorundfjord.no har fått kjennskap til kven som står bak i år og det er svært fristande å offentleggjere kven dette er, men all respekt for gode tradisjonar så vi stopper her. Men folk var svært imponert, men ytra litt bekymring for at alle teikningane er teikna av ein person. Den sosiale treffplassen nyttårskvelden som er på kaia, kan stå i fare når det er berre få personar som er no involverte.

For at ikkje folk skal sitje heime å vente på plakatane skal kome på skjermen og ikkje møte opp for å treffe kvarandre på kaia, legg  hjorundfjord.no ut berre oversiktsbilete. Plakatane står oppe dei fyrste dagane, og i år hadde Bjørke også involvert seg i litt stoff.

Vi gratulerer dei to som er opphavet til plakatane og hjorundfjord.no ber alle som kan, gje dei positiv tilbakemelding om at dette set vi pris på. Vi er imponerte over at det går ann, og vi setter pris på at ein reportar frå hjorundfjord.no var innteikna på alle plakater.

Godt Nyttår 2008, frå hjorundfjord no

Bileter vert å sjå her utan undertekster og tekne ca 00.45. Dette viser at folk hadde begynt å forlate kaia i det kalde fine veret:

Nyttårsafta 07

Nyttårsafta 07 folkmøter opp

Nyttårsafta 07II

Sæbø nyttårsafta07Nytteårsafta07 folk studere plakatar