Dette måleriet av Anders Askevold med motiv frå Sæbø, fekk i dag sin plass i daglegstova på Hjørundfjordheimen på Sæbø
Målaren Anders Monsen Askevold 1834 - 1900 frå Sunnfjord, fekk utdanninga si i hovudsak hjå Gude i Dùsseldord. Askevold budde også for det meste i denne byen frå 1880 og fram til sin død i 1900. Men tydelegvis har han ikkje vore i Dùsseldorf heile tida. Måleriet over med motiv frå Sæbø, er signert den 13. august 1890. Det må også nemnast at Askevold spesielt var kjend for sine stemningsfulle bilete av buskap som gjerne beita på fredeleg vis på setra.
Det spesielle med dette måleriet er m.a. at måleriet er frå fjorden mot land/Sæbø - i alle høve har målaren vore på fjorden når han har teke skisse av motivet. I tillegg er måleriet ganske så autentisk. Det var ikkje alltid like vanleg på denne tida. Det er bondalingen og målarmeisteren Kjell Arne Årseth som seier dette.
Dei fleste av oss kjenner nok att motivet, eller rettare sagt så kjenner vi att våningshuset på prestegarden på Sæbø og vi kjenner sjølvsagt att Hjørundfjord kyrkje som i 1890 var berre 10 år gammal. Men er det nokon som kjenner att naust og andre bygningar frå foto eller anna hald?
Det er Ragnar Standal som eig måleriet. Han kom over det på ei utstilling på 1990-talet og likte måleriet så godt at han kjøpte det. Ragnar bur no på Hjørundfjordheimen og det var også difor at det vart hengt opp i daglegstova på Hjørundfjordheimen i dag. Måleriet vart hengt opp i denne stova fordi flest mogleg skal få høve til å studere det. Alle som ynskjer det, er velkomne til å kome innom for å ta det i augnesyn, seier styrar Knut Åmås ved Hjørundfjordheimen til hjorundfjord.no.
Ragnar Standal
Då Ragnar kjøpte måleriet, var det ikkje i heilt god stand. Det var mindre skadar både på sjølve måleriet og ramma. Kjell Arne Årset og Andreas Hustad tok på seg oppgåva med å restaurere/reparere det.
Kjell Arne fortel at måleriet er måla på lerret, men at måleriet gjennom åra nok har blitt utsett for ein del som ikkje har vore av det gode. Måleriet har difor blitt limt på ei treplate, men då Ragnar kjøpte måleriet hadde delar av lerretet losna frå treplata - det hadde blitt blærer. Kjell Arne si oppgåve har vore å feste lerretet skikkeleg til plata igjen. Måleriet vart så rensa og så retusjert litt. Til slutt vart det lagt på ein ferniss - ein spesiell lakk til slikt føremål - då måleriet var litt matt og sjomlete.
Andreas Hustad si oppgåve har vore å reparere skadar på den flotte ramma. Sjølve ramma er av tre, men i kvart hjørne er det gipsornament. Spesielt hadde desse ornamenta fått skadar. Som mange veit, er Andreas - snart 86 - ein smålåten mann. Han tonar ned det arbeidet han sjølv har gjort sjølv om Kjell Arne, som svært ofte har fått hjelp av Andreas, ikkje kan få rosa nok det arbeidet denne mannen gjer. Når vi spør på kva måte han har utført reperasjonsarbeida på, ler Andreas sin lune lått og svarar: - Det er viktig og ikkje røpe hemmelegheiter, veit du. Eg må tenkje på framtida...
Eit av gipsornamenta som Andreas Hustad har reparert
Å fotografere måleri berre ved hjelp av ein enkel blitz på eit fotoapparat gjev sjølvsagt ikkje noko fullgodt resultat. Men ein ser likevel på fotoet under at målaren har teke seg tid til å måle detaljar sjølv om måleriet i første omgang kan sjå litt mørkt og heller lite detaljrikt ut.
Klikkar ein på fotoet ser ein betre naustrekkja til venstre
Då måleriet i dag vart hengt opp, var det ein enkel sermoni på Hjørundfjordheimen. Han som har kjøpt- og lånt ut måleriet, Ragnar Standal, fekk stor takk av styraren Knut Åmås. Stor takk fekk også Kjell Arne Årseth og Andreas Hustad.
Styrar Knut Åmås
Hovudpersonen og målerieeigaren Ragnar Standal(t.h.), Andreas Hustad (i midten) og Kjell Arne Årseth.
Det er alltid hyggeleg med spørsmål og kommentarar. Eg legg ved to foto under og les komentar frå Ivar Svein Mo.
Foto av prestegardstunet på Sæbø 1871
Flyfoto, Sæbø 1954
Kommentarar
gammelt maleri fra Sæbø!Kjekt at mange kan få se et så nydelig kulturhistorisk bilde i bygda der kunstneren fant sitt motiv !( Jeg ble som jente tatt med på Kaffistova på Molde for å se et så gammelt Hjørundfjordbilde. ) Jeg utfordrer en historieinteressert til å fortelle mer om Sæbø på 90-tallet utfra det vi ser på bildet. Er det rorbuer til høyre og naust til venstre ? Kan vi se Bårdstova bak prestegardshuset....
På flyfotoet ser ein stabburet og Borstova (tingstova), nyeløda og gamlefjøsen. Den nye løda er eg ikkje sikker på, men meiner den kom opp på 20-30talet, og er den nyaste bygninga som står på prestegarden i dag.
Ellers ser ein på flyfotoet at banken og kraftlaget har fått opp fyrste etasjen og det gamle Samvirkelaget står ennå. Ferjekaia ligg ilag med Sæbø dampskipskai ennå.
Kommunebåten ligg på plassen sin attmed fergekaia. (Var det Stålberghorn den heitte?)
Båten til Pål- Jakob (Riise) ligg ved Samvirkekaia. (Heitte ikkje den Slogen?) Oppå kaia framfor baugen står oljefata kring bukken som Kvistad auto køyrde bilane oppå for oljeskift.
Den noverande Øyragata er nettop teken i bruk. Men butikken til Slettedal er framleis i første etg av huset framom noverande Slettedalshjørnet.
Post og telefon er i huset til Tora og Einar Frøland på nedste sida av Øyragata. Inngang under den høge trappa. Dette huset vart flytta etter gata på rullar og kjøpt av lærar Tverberg.
Skuret attmed Vågenhuset hugsa eg godt, men var det Kvistad Auto sin garasje?
Første naustet attmed Samvirkekaia trur eg var Jensnaustet. Og det neste var kanskje vårt, der Oskar også hadde båten sin, trur eg.
Er noke feil så korriger meg! Då dette biletet var teke så var det nok fiskebutikken til Svein Riise nettop sett i drift i sørenden av bygget der dei kommunale toaletta er og var den gongen også.
Med rorbu, mente jeg slike småkyrkjebuder som vi nå ser på Sunnmøre Museum. Der folk skifta klær etter å ha rodd til kirkeplassen. Hvor var de ?
Eg vågar å tippe at dette biletet vart teke same dagen. Sola seier ca. kl 12, og det er merkeleg folketomt i Sæbø. Så eg trur at årsaka er at dette biletet vart teke på første runde, før folk kom seg ut for å bisne på flyet. På graset å døme er det ca. 20 mai. Det ser ein på åkrane og løvetanna på Risefotoet.
Eg kan ikkje kome på kva bygningen som står på skrå sørvest for Samvirkelaget er. Det er nok mange av den eldre garde som veit.
Grunnen til at det staselege samvirkehuset vart rive var nok foreståande store vedlikehaldskostnader på eit lite praktisk og komplisert bygg. Men flott var det i forhold til det som no står!
Når du nemner at her er så stille så er det ikkje heilt folketomt. Der er ei kvinne med barnevogn og ein mann rett utanfor fiskebutikken til Svein Riise. Ein lastebil har stoppa rett framom bautaen med ei ei vegskrape bakpå. Ved sidan av står ein mann. På kaia står også ein mann og ser på flyet. Trur eg har sett fleire personar også.