Frå Strandakampen: Karoline, Monica, Hanne, Liv Grete, Tiril, Sara og Torill i forsvar.
Onsdag 16. januar reiste jentene til Stranda for å spele kamp. Etter ein lang dag på skule reiste vi med IL bussen direkte til Stranda. Heldigvis var Norangdalen open så vi slapp å køyre rundt.
Jentene var litt slitne og spelte ein heller dårleg kamp. Likevel vann dei kampen 29-21.
Alle jentene skåra i denne kampen, Torill var sistemann i kampens siste minutt!
Målskårarar mot Stranda: Liv Grete 6, Malene 5, Else Marie 5, Tiril 4, Karoline 2, Sara 2, Marita 2, Hanne 2, Torill 1. Målvakt: Monica.
Else Marie i angrep.
Ho konstaterar at det vart mål!
Laurdag 19. var det Valder som stod for tur. Kampen gikk 18.30 i Giskehallen så det vart sein laurdagskveld..
I denne kampen fungerte nesten ingenting og det vart tap 21- 27.
Målskåarar: Malene 10, Liv Grete 4, Tiril 2, Torill 3 og Else Marie 2.
Etter kampen vart det pizza på Mama Mia som trøyst, av og til lønner det seg å tape...
26. januar:
Motstandar laurdag var Rollon i Ørstahallen. Kampen var jamn heile vegen der Sæbø/Åmdal viste seg å vere hakket bedre enn Rollon og jentene kunne juble over siger 23- 21.
Sigersrop!
Målskårarar i denne kampen: Malene 6, Tiril 4, Else Marie 4, Liv Grete 3, Torill 2, Kathrine 2, Sara 2. God kamp av Monica i mål.
27. januar:
Kampen i dag gikk i Sulahallen mot Fiskarstrand. Forrige gong laga møttast vart det siger 33-12 så jentene tok lett på oppgåva. Dette vart ein heilt annan kamp med mykje rot før jentene tok seg saman og ville vinne.
Resultatet vart 23 -20 og nok ein siger!
Desse jentene var med i dag: Monica (målvakt), Kathrine, Malene (7), Torill (2), Marita, Tiril, Sara, Hanne (2), Karoline (1), Liv Grete (6) og Else Marie (5).
Kommentarar