Fra Hjørundfjorden og spesielt Norangdalen hadde hennes hjerte oppbevart en stor skatt- full av natur og menneskekunnskap-,som hun formidlet ut i verden som jordnære opplevelser og samtidig symboler for det mektige allmenngyldige livet.
Fra barndomsdalen.
Då eg var barn
trudde eg at dei vaksne og fjella
kom til verda på same tid .
Dei vaksne kunne fortelje om stormar,
om hus som hadde brunne,
Om kyr som hadde mjølka meir enn hine
om dagar då dei sjølve leika med konglar
om reiser til Ålesund i det fjerne.
Dei vaksne hadde brudebilete på veggene
frå gamle tider
lenge før eg var komen til jorda.
Dei kunne fortelje om oldemor
som klatra i fjellet og sanka sauer.
Dei kunne peike og vise meg kvar ho steig
i svaene høgt,høgt oppe.
Nær himmelen. Der bodde ho nå.
Fjellet sto stilt og høyrde alt.
Eg så levande minnar i det.
Om vinteren var det eventyrslott
i kvitt og gull.
Å kor eg høgvyrde dei vaksne og fjella.
Dei visste alt.
Far hadde vore på den høgste tinden
og eg visste at han hadde plukka stjerner.
Marie Takvam.
_____________________________________________________________________________-
Snart må det vel kome snø og breie seg over oss i nåde.(Sein haustdag.)
Kommentarar
-Ho var ingen diktar som hogg i stein, men ho visste at ho arbeidde med ordkunst,ordets kunst, og at det er vesentlig.-
-Eg har alltid meint at dikta er blitt undervurdert, og at Takvam fortener ein større og litt annan plass i litteraturhistoria enn ho har fått.-