Nokre av oss hadde vore på kurs med Beate Eriksen i mars 07 og såg fram til ei ny helg med teatersport i Hovdebygda. Der var ca 20 deltakarar frå Ungdomslaga på Vartdal, Åmdal, Hovdebygda og Bondalen.Kurset hadde stor spennvidde og vi var innom alt ifrå spiritisme, havfruer, gynekologiske undersøkelsar og fisketorget i Bergen. Vi dramatiserte også spøkelsehistoria frå hotel Union på Øye.
Her ser vi Janne og Jorun som ventar spent på å kome i gang..
Vi måtte kaste oss ut på djupt vatn monge gongar i løpet av helga både med solosong, dans og ikkje minst den utfordringa det er å stå påei scene med eit ferskt og kanskje litt "uferdig" manuskript.
Vi hadde "juksa" litt og brukte sketsjen frå 3.dagsfesten om dei nervøse damene og Åkernesrenna.
Ingvill og Siw øver inn scena der dei spelar UP som kjem i skade for å stoppe Kong Harald i fartskontroll.
Det var ei travel helg, men det var alltid tid for ein kopp kaffi. Flinke damer i Hovdebygda hadde baka deilig kake og laga kjempegod gryterett til oss på laurdag!
Jorun glei rett inn i rolla som ordførar.
Ei blond og fager Jan Ole som ei litt gneldrete og stressa husmor. Fantastisk bra!!
UP-Ingvill rett etter ho har tatt Kong Harald i fartskontroll.
Ein engasjert instruktør som vi alle håper kjem tilbake for nye kurs, nye sprell og nye utfordringar. Vi hadde ei kjempehelg!!
No står det att å sjå om "Bondalsrevyen" kan hauste godt av lærdomen vi har tilegna oss i helga.
Kommentarar
Det kunne gjerne ha våre fleire.
Eg sakna det Knut
Ingvill Flatnes
Siw Lillebø
Jorun Kvistad
Kåre Molvær
Janne Solhaug
Therese Lystad Holen
Alle som vil være med vidare er hjertelig velkomne, både kar og kvinnfolk! :-)