Som brukarane av hjorundfjord.no hugsar, skjedde det som ikkje skulle skje - bussen "Ingvild" tok fyr. http://www.hjorundfjord.no/?side=nyhende&nyhende=1543

Bussen med namnet "Ingvild" har ei lang historie, den er- og har vore Hjørundfjorden sin eigen buss i svært mange år og fast bussjåfør er Jostein Kvistad.  Etter ein omfattande reperasjon og oppussing i vår, rekna brukarane av bussen med at bussen skulle vere på vegane i fleire år til, men så tok altså bussen fyr.  Ville bussen bli reparert også denne gongen?  Sjå denne saka: http://www.hjorundfjord.no/?side=nyhende&nyhende=1169

IMGP1504 (Large)

Store skadar i motorromet, konstaterer Møre Auto AS sin Paul Egil Endal.

Heldigvis vart det bestemt  at bussen igjen skulle reparerast, sjølv om reperasjonen  ville bli omfattande.  Då underteikna var innom Møre Auto AS i Furene i desember, rekna mekanikar Paul Egil Endal med at det ville gå med minst 40 arbeidstimar, m.a. måtte to kabelgater frå motorromet og framover, skiftast ut. Etter det hjorundfjord.no har fått opplyst, har det nok no gått med fleire timar enn det.   Men same kva - i morgon kan skuleelevane igjen få setje seg i dei gode seta til "Ingvild"  - dei er framleis like gode som nye.

IMGP1507 (Large)

Årsaka til brannen i "Ingvild"?  Ingen tvil, meiner dei to (anonyme) karane i framgrunnen - daukøyring.

Som det tidlegare har gått fram av anna sak her på hjorundfjord.no, starta brannen - arnestaden - i leidningsnettet.  Mekanikar Endal var nok ikkje heilt samd i at brannårsaka var daukøyring.  Nei, truleg var brannårsaka sandblåsing.  Under den omfattande reperasjonen vinteren/våren 2007 vart bussen nemleg sandblesen og tektylert under.  Truleg har då noko av isolasjonen på ei kabelgate blitt skada.  P.g.a. tektyleringa har så dette ikkje blitt oppdaga i tide.  Men no er "Ingvild" klar for mange nye mil på vegane mellom Volda og Sæbø.

Og kven ynskjer elevane velkomen ombord på den første skuledagen i det nye året i morgon?  Det er sjølvsagt Jostein Kvistad.