Prosjektet Hjørundfjord bygdemobilisering har halde på i to år, og det er eit og eit halvt år att av prosjektperioden. I dei to åra som har gått, har det vore eit positivt samarbeid med kommunen, og mellom anna med tidlegare ordførar Hans-Olav Myklebust (Frp) og varaordførar Ola Perry Saure (Sp).

IMG_1250

T-skjorte-sjef Knut Hustad overrekte sjølvsagt ordføraren og varaordføraren kvar si hjorundfjord.no t-skjorte.

Etter siste val vart det ordførarskifte i Ørsta. Gudny Fagerhol (Ap) vart ordførar og Paul Kristian Hovden (KrF) vart varaordførar. I tillegg vart det valt inn nye politikarar med Hjørundfjord-tilknyting i kommunestyret. Difor bestemte styringsgruppa i bygdemobiliseringa seg for å invitere den nye kommuneleiinga og politikarane med tilknyting til Hjørundfjorden  til eit sammøte om hjørundfjordsaker.

IMG_1247

Asgeir Standal (Frp) kosa seg på sammøtet med bygdemobiliseringa, også saman med Gudny Fagerhol og Paul Kristian Hovden.

Møtet fann stad på Bondalen grendehus sist måndag.Til stades var følgjande frå styringsgruppa: Ivar Svein Mo, Irene Osvoll, Kjell Otto Holen, Knut Hustad, Linda Stokke, Rune Sæbønes, Per Atle Røe, Knut Hustad, Cecilie Rørstad og Oddhild Saure Bogen. (Bjarne Rekkedal og Randi Nordang hadde lovleg forfall).

Frå kommunen møtte desse politikarane: Ordførar Gudny Fagerhol, varaordførar Paul Kristian Hovden, Bodil Skare (Ap), Unn Frøland (Sp), Asgeir Standal (Frp), Steinar Nordang (Sp), og Knut Åmås (KrF). Ola Perry Saure (Sp) ynskte å vere til stades, men var på Sp-møte i Molde. Cecilie Rørstad er også kommunestyrerepresentant (Sp).Vidare møtte Johs. Halland på vegner av grendelaga på Urke og Øye. Urke og Øye er inviterte til å kome med ein representant i styringsgruppa, men kven det vert, er ikkje avgjort enno.

IMGP2158 (Large)

Ivar Svein Mo og Rune Sæbønes orienterte om bakgrunnen for prosjektet Hjørundfjord Bygdemobilisering.

Innleiingsvis orienterte Ivar Svein Mo og Rune Sæbønes om bakgrunnen for Hjørundfjord bygdemobilisering, og kva som er gjort så langt. Prosjektgruppa konsentrerer seg om trivsels- og næringstiltak.

Det vart teke opp saker som gjeld Hjørundfjorden, og som styringsgruppa ynskjer at Ørsta kommune tek tak i.

Det vart ein veldig fruktbar diskusjon.Mellom sakene som vart tekne opp, var følgjande: Betre ferjeruter, ny ferjekai på Sæbø, avklaring om kystsoneplanen, elverampa i Bondalen, rassikringa Bjørke-Viddal og kanskje viktigast av alt: At det heile tida er ein dialog mellom styringsguppa og politikarane og kommuneleiinga.

IMGP2170 (Large)

Johs. Halland og Steinar Nordang er klare på at ferjetilbodet må verte betre på Hjørundfjorden. Mellom anna sisteavgangen frå Sæbø må verte seinare.

Det vart presisert frå styringsgrguppa si side at bygdemobiliseringa ikkje er eit politisk organ, men det som ligg i ordet, ei nemnd utpeika av Hjørundfjord bondelag for å få initiativ for trivsels- og næringstiltak i Hjørundfjorden gjennom mobilisering og dugnadsånd.

Kommunen fekk kritikk frå Ivar Svein Mo for ikkje å ha handsama saka om vidareføring av rampeprosjektet raskt nok. Det var i utgangspunktet ei enkel sak. Men det tok så lang tid at bygdemobiliseringa og Hjørundfjord Helselag har mist eitt år på vidareføringa av prosjektet. Ordførar Fagerhol sa seg lei for dette, og oppmoda styringsgruppa om å ta kontakt politisk viss ein skulle oppleve dette igjen. Mo understreka at det ikkje var ein kritikk av sakshandsamaren, men av systemet.

IMGP2164 (Large)

Dei lyttar: Bodil Skare, Gudny Fagerhol og Paul Kristian Hovden.

Frå Johs. Halland og Steinar Nordang vart det sterkt understreka behovet for ei betre ferjeløysing for Hjørundfjorden. Det handlar om seinare avgangar frå Sæbø, ny ferjekai på Sæbø og større ferje på Hjørundfjorden med salong oppe.

Det er også undring i Hjørundfjorden over prissystemet til skyssbåten. Arbeidsrutepris, og ein eigen pris for lag og organisasjonar er enno ikkje på plass. Kommunen vart bedne om å rydde opp i dette.

Vidare vart det frå fleire poengtert at Ørsta kommune er nøydde til å få ei avklaring om flodbølgjeproblematikken. Status no er at all utvikling har stoppa, og viktigast av alt ferdiggjeringa av kystsoneplanen. Mange ventar på å få kystsoneplanen vedteken, slik at ein kan få i gang satsingar. Det gjeld mellom anna Standal, Stennes, Urke, Sæbøneset, Hustadneset, Bjørke osb.

IMGP2171 (Large)

Irene Osvoll frå styringsgruppa saman med Knut Åmås og Johs. Halland.

Ordførar Gudny Fagerhol opplevde møtet som svært positivt: - Både eg og varaordføraren synest det var utruleg kjekt å vere på dette møtet. Vi møtte folk som vil noko. Og det viktigaste som kom fram på møtet er at vi skal arbeide tett saman vidare for å få løysingar på sakene som vart fremja, seier Fagerhol.

Spesielt lovar Fagerhol å ta opp sakene som gjeld riksvegen, inkludert ferja. Styringsgruppa opplever nemleg at ein ikkje vert høyrde hos Statens vegvesen. Det er kommunen som må fronte sakene.    

Styringsgr. og polit20080114

Folk flest diskuterer viktige saker.