Nyttårsbarnet 2008. 029 (Large)

Prinsen/den nyfødde sonen til Wenche Strand og Vidar Stokke.

Wenche fødde sonen den 1.1.08 klokka 1521.  Dermed vart ho den første som fødde ved sjukehuset i Volda i 2008 og fekk dermed nyttårsbarnet. Guten - hjorundfjord.no kjenner ikkje til om barnet har fått namn enno - vog heile 4530 gram og var 53 cm lang.  Alt står fint til både med mor og barn.

Om det står like bra til med faren Vidar Stokke er uvisst, men rykta går om at han er litt urven.  Det er nemleg første gang Vidar har blitt far.  Men ein ting er sikkert - Vidar er ein stolt mann i dag.

Nyttårsbarnet 2008. 033 (Large)

Vidar og Wenche få timar etter fødselen.  Prinsen er i vogga/vogna og er nok ikkje heilt klar over at han er den førstefødde ved sjukehuset i Volda i 2008.

Wenche er nok minst like stolt som Vidar, men ho har litt meir erfaring på dette området - ho er no mor til fire.

Nyttårsbarnet 2008. Dag 2. 012 (Large)

Mamma Wenche med sine fire "små".  Frå venstre Elen, Bjørnar, "nyeprinsen" og Ingeborg.

Nyttårsbarnet 2008. Dag 2. 004 (Large)

Farmor Nanna Stokke vart no bestemor til nr. 20.

hjorundfjord.no gratulerer så mykje.