Jentene tok i dag sin 8. siger for sesongen. I dag var det Spjelkavik 2 som måtte reise heim utan poeng!

før kampen
Timeout og instruksar frå trenar!

Kampen var tett og jamn heile førsteomgang der våre jenter leda an. Pauseresultatet var 9- 7 til oss.

Andre omgang fortsette på same måte, med eit lite overtak til Sæbø/Åmdal. Etter 13 min. ut i omgongen leda jentene 16-12 før Spjelkavik nok ein gong hala innpå.
Sluttresultatet vart 18-17 etter ein tett og spennande kamp.

kamp2
F.v. Malene, Kathrine, Liv Grete, Tiril, Else Marie, Monica (i mål) og Torill.

Jentene spelte ein veldig god kamp og det er ikkje tilfeldig at dei ligg høgt oppe på tabellen!! Både forsvar og angrep fungerte flott! Rebekka var sjuk så Monica stilte som målvakt og stod kjempegodt!

Desse jentene stilte i dag:
Monica, Liv Grete (1), Tiril (1), Torill (1), Else Marie (5), Sara (1), Marita,
Elisabeth, Karoline, Hanne, Malene (9) og Kathrine.

Stå på jenter, kjenn på lagfølelsen og samhaldet, det er det viktigaste!

Jentene har til no 8 sigrar, 1 uavgjort og 3 tap og ligg på 4. plass på tabellen.
Spjelkavik stiller også lag i regionserien der fleire av  jentene på laget i dag også spelar.