Vi starta dagen kl 10.00, Anna Moan stilte då med rundstykker og stort pågangsmot! Etterkvart fekk ho hjelp av Jorunn Melle som kom med vaffelrøre og steikte vaflar i stor stil! Dei fekk etterkvart avløysing av Birgitt og Anne Hustad.

Ivar Melle og Ollen tok billettar og sørga for at dommarane fekk betalt.
Oddhild Haugen Øye passa tida og fylgde nøye med dommarane og vart seinare avløyst av Pål Inge Olsen og Hilde Muren.
Arrangementet var ferdi ca. 18.30 og alle er enige om at det har vore ein vellykka dag!

Wenche Strand fann det forgodt å reise ein tur til Volda men ho hadde ordna det meste på forhand, resten tok Bente Stokke seg av.
Desse to er mat og hallansvarlege, dvs. at dei skal sørge for at arrangementa i Ørstahallen går som smurt!

G16:

Brødre
Øyvind (sikker i mål!), Sivert (10 mål) og Petter (1). Tre gode handballspelarar!

Første kampen starta kl 10.50 og det var Ørsta/Åmdal/Sæbø mot Bergsøy. På kampen i dag var det Sivert og Petter som var frå Sæbø (+ Øyvind som har trødt sine første barneår på Urke som vi rekna som litt "vår"..). 
Gutane hadde overtaket heile vegen og vann kampen 20-11.

Sivet4
Sivert skårar!

G14:

Neste kamp Sæbø var involvert i starta kl 13.00 og gikk mellom G14 Ø/Å/Sæbø og  Fiskarstrand. Petter (7 mål), Martin og Jonas (1) er Sæbøspelarar på dette laget + Martin (2) frå Åmdal (nesten frå Sæbø..) og Øyvind er målvakt også på dette laget.
Gutane leda 11-5 til pausa og det såg ut til at dette skulle verte ein enkel kamp men Fiskarstrand kom sterk tilbake og det var berre såvidt sigeren vart berga. Sluttresultatet vart 16-15 og knipen siger til våre gutar!

Petter
F.v. nr. 9  Martin D, nr. 4  Petter og nr. 10 Martin!

J16:

Jentene spelte sin kanskje beste kamp så langt i sesongen. Nesten alle jentene sette seg på skåringslista og alle spelte ein flott kamp! Til pause leda jentene
17-6 og sluttresultatet vart heile 33-12!! i ein kamp der nesten alt fungerte.

Desse var med på kampen i dag: Rebekka, Monica, Liv Grete (3), Tiril (5), Torill (3), Else Marie (7), Sara (1), Marita (1), Elisabeth (3), Karoline (1), Malene (9) og Kathrine.

fire
J16, representert ved Marita, Sara, Karoline og Elisabeth!

Lagleiar Oddhild passa tida mens eg sjølv var skrivar men det verste med å sitte i sereteriatet er å vere upartisk! Det er veldig vanskeleg å ikkje få lov å heie og å kome med gode råd!?, men heldigvis gjorde jentene det enkelt for oss med å vere utilnærmelege.
Takk jenter!!

Handballgruppa takkar alle spelarar, trenarar, lagleiarar og foreldre og frivillige som stiller opp og gjer det muleg å drive med handballsporten!