I kveld, måndag, starta det første av to grunnkurs i bruk av pc/datamaskin på dataromet til Sæbø skule. Det er Anders Roald som er lærar på begge kursa - kursa som vert arrangert av Hjørundfjord bygdemobilisering.
Lærar Anders Roald, busett på Vatne i Ørsta.
Då dette kurset vart annonsert på Hjørundfjordportalen, hjorundfjord.no, og i Møre-Nytt ei stund før jul, såg det først ut til at det vart eit datakurs berre for fire-fem deltakarar. Så skjedde eit eller anna og i løpet av kort tid vart det langt fleire enn 12, noko som var det høgste talet lærar Anders Roald kunne ta imot, som ville melde seg på. - Ingen problem, eg tek gjerne eit kurs til, sa Anders. Og slik vart det, to grunnkurs i bruk av pc for vaksne vert no arrangert på Sæbø skule.
Anders Roald har tidlegare vore fast tilsett som lærar på Sæbø skule, i kveld starta han datakurs for 12 litt eldre elevar.
Dei to kursa vert arrangert parallelt, det eine på måndag, det andre på tirsdag. Kursa startar med det mest grunnleggande, nemleg det å slå på pc-en. Så får deltakarane kjennskap til å skrive brev, lagre brev og ikkje minst finne dei fram att etter lagring. Vidare får deltakarane kjennskap til det som vert kalla å surfe på nettet, leite fram nettaviser, kjennskap til betaling av rekningar med nettbank og sjølvsagt finne fram til Hjørundfjordportalen - mellom anna.
Dei to kursa har deltakarar frå heile Hjørundfjorden, frå Håvoll, frå Ørsta og frå Åmdalen. Kursa kostar kr. 500,- inkl. ein kaffikopp eller to og litt å bite i.
Flest kvinner på dette kurset, men på det neste kurset er dei fleire menn.
Leiaren for Hjørundfjorden bygdemobilisering, Ivar Svein Mo, seier seg svært godt nøgd fordi Anders Roald har sagt ja til å vere lærar på dette kurset. Via omvegar fekk han kjennskap til at Anders har vore ein populær lærar på tilsvarande kurs tidlegare. Han er også glad fordi Sæbø skule har eit godt datarom og ikkje minst fordi Sæbø skule har lånt ut lokalet til kursa.
Sjølv om det no vert arrangert to kurs, er det fleire som har fått nei til å delta p.g.a. manglande plass. Ivar Svein Mo ser ikkje vekk ifrå at det vert arrangert eit nytt grunnkurs seinare dersom erfaringane frå desse kursa vert gode og det framleis er interesse for å delta. Vert det fleire kurs, vil Hjørundfjord bygdemobilisering i så fall lyse dei ut på vanleg måte.
Kommentarar