Målet var heilt klart Kvitegga - Hjørundfjord sitt høgste fjell, men då vi nådde platået på ca. 1550 meter, var det ikkje vanskeleg å bestemme seg - vi måtte snu.  Men ikkje fortvil; les meir om Håvard Myklebust sin tur på Kvitegga her: http://www.hjorundfjord.no/?side=artikkel&artikkel=990

_IGP0843b_IGP0840b

I området rundt Fred Ingar Somby og underteikna (t.h.), skal det vere mange fjell, men dei var vanskeleg å få auge på sist søndag i ca. 1550 meters høgde.

Vi kunne sikkert ha nådd toppen utan alt for store problem, men så er det dette med returen.  Toppområdet av Kvitegga er både stort og vidt, men likevel er det mange nok stadar der ein kan gå seg utfor. Valet om å snu vart derfor ikkje vanskeleg.  Ikkje skredfare denne gongen, men også dårleg sikt skal ein ha respekt for.

Optimistar som vi var, bestemte vi oss for å nå ferja frå Lekneset klokka 14.  Derfor vart det  lite med fotografering i den øvste delen av Snødalen der nedkøyringa var flottast.  Kalde hender gjorde også sitt.  Men nokre foto må med - ikkje minst for å bevise at det nyttar å ynskje seg julegåver her på skiportalen hjorundfjord.no.  Eg fekk hjelm i julegåve slik som eg ynskte.

_IGP0848b

No brukar også den eldre garde hjelm.  Men brillene var berre på ei stund til ære for fotografen. Det kan vere kjekt å sjå litt også...

Då vi var på tur nedover møtte vi "Kviteggaveteranen" Steinar Ringdal frå Hellesylt.  Han fortalde at når skiforholda var flotte - slik som denne dagen, vende han ofte blikket oppover Snødalen.  Oppdaga han då at ein eller fleire hadde laga spor, ja, så tok også han ofte turen oppover.  Om han nådde toppen spelte mindre rolle - nedkøyringa var viktigast.

_IGP0850 kopi (Large)

Steinar Ringdal(t.v.) likar Snødalen best denne tida på året.  Ut på seinvinteren/våren har det gjerne danna seg  eit lite populært skorpelag på snøen i Snødalen når det er tid for nedkøyring.

Vi rakk ikkje ferja sjølv om Fred Ingar  nok kunne ha gjort det.  Med sine  breie ski, nettopp for slike flotte laussnøforhold, var han vanskeleg å stoppe.  Mannen var nærast berre eit stort glis heile vegen ned.

Fred_2b

Lavt tyngdepunkt og breie ski - som skapt for Snødalen.

Fredb

Så forsvann han vidare nedover...

_IGP0852b

Det var nok best å ha brillene på hjelmen denne dagen.

Vi rakk som nemtn ikkje ferja, men vi rakk  cheesburger og ferske aviser på Hellesylt.  Vi rakk også ferja frå Leknes klokka 15 og vi fekk dermed med oss eit minicruise på Hjørundfjorden.  Ruta Leknes - Trandal - Standal - Trandal - Sæbø med M/F "Nørvøy" er alt for lite brukt.  Men no er tipset gitt. Og for spesielt interesserte - måla på skina til Fred Ingar:

_IGP0866b

Dette er ski, ikkje snøbrett.

Kva så med skredfaren? 

Eit par dagar før denne turen, tok eg kontakt med ein kollega som ser oppover Snødalen mot Kvitegga nærast kvar dag.  Generelt, meinte han, skulle ein ha svært gode grunnar for å bevege seg oppover Snødalen før påske.  Skredfaren var ofte stor og spesielt var skredfaren stor dersom ein gjekk inntil ei av fjellsidene.  Akkurat no var det likevel lite snø i  dalen og dermed vart faren for skred liten.  Han sa også at til og med han ville ha følt seg trygg for skred på dette tidspunktet - om han gjekk opp omtrent midt etter dalen.  Men han la også til at dersom det kom mykje nysnø, ville skredfaren auke stort.

Laurdag og natt til søndag hadde det kome nysnø, men ikkje mykje nede ved riksveg 655 - berre  4- 5 cm.  Rett nok auka nysnømengda på oppover Snødalen, men store mengder vart det ikkje. 

Frå der stigninga startar nede ved riksvegen og opp til platået der vi snudde, har Snødalen ein gjennomsnittleg stigning på 22 grader.