Bokbåten Epos er Vestlandet sitt flytande bibliotek. Den er den einaste i landet, og ein av dei svært få i verda.  Bokbåtverksemda starta i Hordaland i 1959, men frå 1964 kom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med i samarbeidet. Det er dei tre fylkesbiblioteka som står ansvarleg for bokinnkjøp og utlån i sine respektive område.

Om lag 180 stoppestadar vert vitja to gongar årleg i dei tre vestlandsfylka. På kvar stoppestad er det bokutlån til born og vaksne. Både skular, barnehagar og bibliotekfilialar nyt godt av dette eineståande tilbodet. Fleirtalet av lånarane er barn. Difor er flesteparten av dei 5000 bøkene dei har med barnebøker. Bøker som ikkje finst om bord, kan tingast for så å verte sende frå Ålesund til næraste bibliotek utan kostnad for lånaren.

Frå bokbåten
Biletet er frå bokbåten sin hausttur 2006, og elevane er frå Sæbø skule.

I tillegg til bokutlån er det kvar dag kulturprogram om bord, der målgruppa no først og fremst er born. På denne turen skal dei ha med Klovnen Knut frå 17. januar, medan Teater Sirius går ombord 30. januar.

For oss i Hjørundfjorden vert det Klovnen Knut vi får møte. Nok ein gong vil den taletrengde bergensaren med raud nase og flokehår i kjend og særeigen stil raskt vikle seg inn i tullekunstar. Her blir det mykje virvar og fanteri, med gamle svisker og nye innfall, trylling, sjongleri og tull og tøys. Så er du sånn omtrent 3 år og oppover, så passar det fint om du stikk ombor i bokbåten. Tek du med mamma og pappa, så vankar det nok litt godbitar til dei også. Her er det moro for heile familien. Så møt opp torsdag 17. januar kl. 17.15 på Sæbø og fredag 18. januar kl 10.15 på Bjørke.
bokbåten 2
Dette biletet er også med elevar frå Sæbø skule, og frå hausten 2006.

Bokbåten kan du følgje på internett, sjå kvar han er og når han kjem til deg.
www.bokbaten.no

Fritt sitert etter bokbåten sitt vinterprogram.