I bildegalleriet på Hjørundfjordportalen finn ein ei mengd med bileter som er utlagt av brukarane, og her kan ein finne naturfoto, bileter frå dagleglivet, eldre foto og her finn ein våre lokale kunstnarar som legg ut godbitar av kunsten sin.

Den fyrste kunstnaren som presenterte seg her, var vår tidlegare ordførar Nils Taklo. Hjorundfjord.no laga eit nyhende om Taklo den 12.07.06 i samband med at han la ut måleria sine på bildegalleriet.

Taklo -Runde hamn
Det er ikkje berre måleri frå Hjørunfjorden Taklo målar, her ser ein eit måleri frå Runde hamn. 

Taklo sin album finn du her: http://www.hjorundfjord.no/bildegalleri/main.php?g2_itemId=2222 

Taklo er ein svært nøgd brukar av portalen og han har hatt god hjelp av portalen i å markedsføre seg, og han har sakna bildegalleriet desse månadane det har vore ute. Taklo skal ha utstillingar den nermaste tida, så vi håpar at vi får nye måleri utlagt, og Taklo og vi andre kan få ha galleriet i fred for ubedne gjestar.

Taklo er ikkje den einaste som brukar medlemsalbumet. Her har vi kunstnarar som Ingvild Mork frå Bjørke som er grafisk designer og illustratør og driv for tida med ei barnebok. Ingvild har også eiga heimeside der ein kan sjå ein del av kunstverka hennar. 
Invild Mork- party animals
Party animals  til Ingvild Mork

Her på vårt galleri kan du finne Ingvild under denn linken: http://www.hjorundfjord.no/bildegalleri/main.php?g2_itemId=8748

Ein dyktig kunstner som har vore til glede for bygda i mange år er Sverre Magnus Myrtveit. Han har måla og laga grafisk teikningar i mange samanhengar og ikkje minst i Årbøkene til Sogelaget.

Sverre Magnus Hj__rundfjorden

Hjørundfjord motiv.-Eit fargerikt og flott måleri av Sverre Magnus som du finn i albumet hans. 

Du finn han på bildegalleriet her: http://www.hjorundfjord.no/bildegalleri/main.php?g2_itemId=3843

 Arvid Urkegjerde er også ein kunstnar som vi finn her hjå oss. Han er ein kjend kar i bygda og var hovudutstillar på Hjørundfjorddagane 2007. Her hadde han lånt inn måleri frå privat eige, og utstillinga var den mest besøkte desse dagane. http://www.hjorundfjord.no/bildegalleri/main.php?g2_itemId=7380

Arvid Urkegjerde motiv frå Sæbø
Ei trollbudeie gjetar kyrne på Rise. Måleri av Arvid Urkegjerde

Eit måleri frå Arvid kunne vi finne på salssidene til finn.no også, så det er ikkje berre i Hjørundfjorden denne kustnaren er å sjå. 

I fare for at ein framhevar nokon meir eller andre når der er så mykje flotte bilete velge i, så kan ein nemne albumet til Kjell-Johan Årseth, som har ei rekke med flyfoto frå Hjørundfjorden og distriktet her: http://www.hjorundfjord.no/bildegalleri/main.php?g2_itemId=5028

Flyfoto Hjørundfjorden- Kjell -Johan Årseth
Inngjennom Hjørundfjorden ei sommardag frå albumet til Kjell Johan Årseth

 Vi ser  fram til mange fleire bileter framover.

 

Ivar Svein Mo