Vi hadde eit forslag om årets skribent for ei tid tilbake, men har kome til at dette vert feil.  Vi vil nemleg premiere kvalitet – ikkje kvantitet.  Då kan sjølv den som berre har skreve eitt innlegg vinne. Vi er ute etter den beste reportasjen i ord og bilete og den som brukarane av hjorundfjord.no har likt best.

Vi ynskjer at brukarane av portalen no kjem med  forslag i kommentarfeltet under på den beste reportasjen – artikkel eller nyhende. Strakst no inn i det nye året utnemner vi  ein juryeleiar, som vil utnemne ein jury på  fem personar som ikkje har nokon tilknytning til portalen. Juryen vert heilt sjølvstendige  og har til oppgåve å gå gjennom alle forslaga som har kome inn og så plukke ut dei tre beste. Forfattarane av dei tre beste reportasjane vert så premierte.

Våre sponsorar er samde at dette er ein god sak for hjorundfjord.no og vil medverke til at fleire vil verte aktive brukarar.

Vil vil premiere slik:

  1.   Gåvekort på kr 1000,- frå Ose & Aarseth AS
  2.   Badebag med innhald frå Sparebank 1 Volda Ørsta
  3.   T-skjorte frå Hjørundfjord bygdemobilisering

 

Siste frist for å kome med forslag til den beste reportasjen er 20.januar.

Offentleggjeringa av vinnararane vert gjort her på portalen.

 
Er det nokon som vil stemme, og ikkje vil skrive i kommentarfeltet, vil vi sjølvsagt ta imot forslag på epost og vanleg post. Send då forslaget til administrator. Du finn adresser på framsida opptil venstre under kontaktpersonar.

 

Ivar Svein Mo,   6165 Sæbø