Vi hadde eit forslag om årets skribent for ei tid tilbake, men har kome til at dette vert feil. Vi vil nemleg premiere kvalitet – ikkje kvantitet. Då kan sjølv den som berre har skreve eitt innlegg vinne. Vi er ute etter den beste reportasjen i ord og bilete og den som brukarane av hjorundfjord.no har likt best.
Vi ynskjer at brukarane av portalen no kjem med forslag i kommentarfeltet under på den beste reportasjen – artikkel eller nyhende. Strakst no inn i det nye året utnemner vi ein juryeleiar, som vil utnemne ein jury på fem personar som ikkje har nokon tilknytning til portalen. Juryen vert heilt sjølvstendige og har til oppgåve å gå gjennom alle forslaga som har kome inn og så plukke ut dei tre beste. Forfattarane av dei tre beste reportasjane vert så premierte.
Våre sponsorar er samde at dette er ein god sak for hjorundfjord.no og vil medverke til at fleire vil verte aktive brukarar.
Vil vil premiere slik:
- Gåvekort på kr 1000,- frå Ose & Aarseth AS
- Badebag med innhald frå Sparebank 1 Volda Ørsta
- T-skjorte frå Hjørundfjord bygdemobilisering
Siste frist for å kome med forslag til den beste reportasjen er 20.januar.
Offentleggjeringa av vinnararane vert gjort her på portalen.
Er det nokon som vil stemme, og ikkje vil skrive i kommentarfeltet, vil vi sjølvsagt ta imot forslag på epost og vanleg post. Send då forslaget til administrator. Du finn adresser på framsida opptil venstre under kontaktpersonar.
Ivar Svein Mo, 6165 Sæbø
Mange gode artikler! (05.01.2008 kl. 22:07)
Jeg tror ikke det er plass til de alle sammen på seierspallen, fordi de er så mange. Derfor ser jeg ikke poenget med å fremheve en artikkel fremfor andre, slik det legges opp til her.
Derfor blir kommentarene til Knut Riise uungåelig ord til ettertanke.
Å finne en uhildet jury, kan by på utfordringer.
Likevel er det bra at forslag som dette får se dagens lys. Det er jo noe nytt på portalen.
Bra at kretiviteten er til stede fortsatt!
Sverre Magnus Myrtveit
Takk til Arne (05.01.2008 kl. 11:08)
Kjekt å få slik tilbakemelding.
Men elles tykkjer eg, (som han sa han lærar Hovdevik),at det er eit håplaust påfunn. Eg trur ikkje nokon skriv meir og betre for 1000 kr og æra.
Det er lysta til å formidle det som interesserar meg som er drivkrafta, men andre kan sjølvsagt tenkje annaleis?
Knut Riise
Ugild, men lell (05.01.2008 kl. 01:59)
Eg veit eg er ugild her, men denne artikkelen frå min nevø Arnfinn var ein av fjorårets beste:
http://www.hjorundfjord.no/?side=artikkel&artikkel=1090&kategori=0&PHPSESSID=63b67feaf9ab92aca8d1c1c2d9695f06
Årsaka er at Arnfinn har arbeidd journalistisk godt med ei krevjande sak. Han har teke seg tid til å hente informasjon, viser til kjeldene i saka, og skriv på ein grei og enkel måte. På grunn av denne artikkelen tok også kommunen opp saka. Ei slik sak når aldri ein popularitetstopp, men ho er like viktig for det.
Rune Sæbønes
"Avspasering med fotoapparat" (04.01.2008 kl. 00:02)
Eg synest Knut Riise er den beste skribenten på portalen, alltidt intressant og artigt og lese innlegga hans. Avspasering med fotoapparat var topp!
Arne Lied
"Nå eller aldri" (03.01.2008 kl. 10:52)
Eg har stor sans for "Nå eller aldri" - artikkelen frå Kjartan Alnes. Berre det å gjere noko slikt, kvalifiserer til ei plassering høgt oppe på pallen. I tillegg kom denne artikkelen til rett tid. Vi hadde nemleg nesten lagt bak oss ei litt trasig helg her på portalen då Kjartan sin tur nærast kom rennande inn til glede for svært mange.
Og årets kommentar? Det må utan tvil vere Perry Bjørke sin kommentar under "Datakurs". Les den og bli i godt humør, men pass på; dataverda er full av dritt.
Knut Hustad
Forslag (03.01.2008 kl. 09:29)
Her er mine personlege favorittar i tilfeldig rekkefølge:
"Messerschmittjakt i Hjørundfjorden" - Jørund Walseth
"På leiting etter gamle B/F Geiranger" - Sondre Kristoffer Mo
"Nå eller aldri" - Kjartan Alnes
"Cuba - kva no?" - Rune Sæbønes
"Storbukken somna" - Knut Hustad
"For 40 år sidan" - Knut Riise
Kjell-Johan Aarseth