Vi har fått sponsorar som ynskjer å støtte Hjørundfjordportalen. Sponsorar til julekalendaren vert Sparebank 1 og marknadssjef Lillian Breivik har bevilga oss  1.og 2.premien og Tussa har gitt 3.premien. Ose & Aarseth As er også vår sponsor, men vert ikkje med denne gongen, men det kjem ein flott 1.premie frå firmaet ved ein annan konkurranse.

Nissekalendaren går mot slutten og det hardnar til i toppen. Ingenting er avgjort ennå, men korleis premiane skal nyttast har vi kome fram til i samråd med sponsorane:

  •  1.premie vert ein sjekk på 1000 kroner frå Sparebank 1.Sjekken vert utskreven av banken når vinnaren er kjent.
  • 2.premie ein stor badebag med flott innhald frå Sparebank 1
  • 3.premie fleecejakke  frå Tussa. Jakka kan ved behov bytast i ein annan størrelse.

Premieutdeling på 3.juledagsfesten på Grendahuset.

Pengesekk1.premie til julekalender 2007

1.Premien ein sjekk frå Sparebank1 på 1000 kroner.

2.premie nissekonkurranse 2007 

2.premien inneheld stor badehandduk, Sparebank1 T-skjorte, Sparebank1 gensar, drikkeflaske, paraply, Buff og ein stor bag.

3.premie jakke nissekonkurranse 2007
3.premien er ei fora Fleece jakke.


Sparebanken før jul 2007
Sparebank1 er vår hovudsponsor i dag og avdelingssjef Venke Vik Nordang er glad for å kunne gje Hjørundfjordportalen ei solid støtte. Her er Venke saman med kundane Janne Hurlen Aklestad og Arnhild Kvistad som er innom banken i eit siste ærend før jul.

Tussa 21.12.07

Då hjorundfjord.no stakk innom kundemottaket på Tussa for å hente premien i går, traff vi ei  hyggjeleg dame. Vi spurde sjølvsagt om ho kjende til portalen? Klart det, eg er no frå Bjørke sa ei smilande Birgitte Goksøyr Holte.

 

Lukke til med innspurten av julekalendaren.

 

God Jul frå oss på Hjørundfjordportalen

 

Ivar Svein Mo