UFO2

Eit utsnitt av biletet som vart teke, og ein kan sjå grøne lyspunkt over kyrkjetårnet.

 

Eg skulle leike litt med kameraet, og prøve meg på nokre nattbilete av Sæbø. Eg tok to eksponeringar. Då eg såg bileta på skjermen etterpå, viste det seg at det på den første eksponeringa var nokre grøne prikkar over kyrkjetårnet. Eg tenkte først det var lys frå Hustad, men på den andre eksponeringa var det ingen slike lysflekkar. Igjen: skummelt. 

IMG_1799

Her er originalbildet, og ein kan så vidt sjå dei grøne lyspunkta.

 

No er det heilt sikkert ei naturleg forklaring på dette, utan at eg i farta kan kome på noko sjølv. Kan det vere støvkorn rett framfor objektivet, lyst opp av lysa utanfor huset? Kan det vere insekt, men det er lite truleg at flygande insekt er ute på denne tida av året og med den temperaturen som er no. Kan det det vere ein optisk illusjon som har lurt kameraet? Eg veit ikkje. 

IMG_1800

Her er eksponeringa teke eit halvt minutt etter det ovanståande, og her er ingen små grønne menn.... 

Det er heilt sikkert nokon som kan forklare dette. Viss ikkje, trur eg at vi må skalke taklukene.....