T-skjortesesongen varer no året rundt.  Og har du framleis ikkje kjøpt alle julegåvene - det har vel ingen - så er det ingen grunn til panikk.  Det er framleis mange t-skjorter på lager - til reduserte prisar.  Prisen er kr. 210,- pr. stk. - fraktfritt tilsendt.  (Kr. 160,- for barnemodellane). 

 

Men først litt informasjon. Designet er laga av Benedicte Kjelland i Frost Media i Volda.  Også i den seinare tid har vi fått ros fordi vi har fått laga ei flott t-skjorte, ikkje minst har ungdom og unge vaksne sett pris på den.

Vi har tre typer t-skjorter.  Ein barnemodell, ein jente/damemodell og ein unisexmodell.  Den siste er altså både for damer/jenter  og gutar/herrar.  Dette er viktig.

Først jente-/damemodellen.  Mange har sagt at desse er små etter nummera, andre seier dei er standard.  Denne jente-/damemodellen er kortare, den har innsving og halsen er noko vidare.  Småll er str. 36, XL er 42.  Skal eg seie noko generelt, kan eg nemne at dei yngre meinte at denne jente-/damemodellen var som forventa.  Dei litt eldre meinte at denne modellen var liten.

Unisexmodellen er nok som forventa.  Eg sjølv brukar XL og den var/er standard storleik.  Men lurer du på om du t.d. skal kjøpe L eller XL - kjøp XL.

I barnemodellen har vi Royalblå og sitrongul og nokre få i marine.  Royalblå er å få i 130/140 og i 150/160.  Sitrongul i 130/140.  Marine er i 150/160.  Det kan sjå ut som 150/160 er minst like stor som Small i unisex.

Så fargane:

tesjorte2 (Large)

Underteikna har her på seg fargen petrol.  Den har vi framleis i alle storleikar både for jenter/damer og gutar/herrar.  Benedicte  har på seg lys grøn/lime (vakker skjorte).  Den har vi berre i jente/damemodell og ikkje i XL(42)

P1010002 (Large)

Her er dusty grøn.  Berre i unisex.  Frå small til XXL

P1010004 (Large)

Turkis.  Både i dame/jente og unisexmodell, men berre opp til XL i unisex.

P1010006 (Large)

Royalblå, barnemodell.  Både i 130/140 og 150/160.

P1010010 (Large)

Barnemodell, sitrongul.  I 130/140.

Dersom du ynskjer å få tilsendt ei eller fleire t-skjorter, send ei bestilling på  e-post til:

knut.hustad(krøllalfa)tussa.com  eller til Linda Stokke

linda.stokke(krøllalfa)tussa.com

Som du heilt sikkert forstår, må du erstatte (krøllalfa) med @ når du skal sende e-post. Har du spørsmål om t-skjortene, send ein e-post då også.

Prisen for t-skjortene vert - for vaksne:  Kr. 210,- inkl. frakt.  (Vert sendt i fora boblekonvolutt).

Pris for barnemodell:  Kr. 160,- inkl. frakt.

Når du sender ei bestilling, vil vi snarast råd sjekke om vi har den/dei du ynskjer på lager, så vil vi gje deg ei tilbakemelding på e-post.

Har vi t-skjorta/ene, sender vi den til deg så snart pengane er overført til vår konto.  Dette vert rimelegast for begge partar.  Du skal få skikkeleg informasjon om dette.