18.august, klokka åtte om morgonen, gjekk eg inn døra til Stranda vidaregåande skule. Det var dette augneblikket eg hadde drøymt om natta før og no var det blitt verkeleg. Eg slapp døra og kom inn i ei open vestibyle som var full av skuleklare elevar som prata og lo med kvarandre. Som ein av dei få langvegsfarande var det ikkje nokon kjende ansikt å sjå og eg stod der fortapt utan å vite kven eg skulle snakke med, til då eg fekk auge på ein av konkurrentane min i skisporet, Lars Anders Hoel, som eg hadde snakka litt med før og som skulle byrja på langrennslinja på første året slik som eg. Ikkje lenge etter kom vaktmeisteren og vinka med seg alle inn på ein aula i andre etasje. Der ynskte rektor Kåre Stadheim alle elevane hjarteleg velkomne til eit nytt skule år. Etter ei kort orientering om det nye skuleåret blei vi fordelte i klasser.

På Stranda VGS tilbyr dei studiespesialiserande program (allmennfag), restaurant- og matfag, teknikk- og produksjonsfag (TIP), helse- og sosialfag og studieførebuande program (idrettsfag).Idrettsfag, som eg går, består av ulike idrettar som for eksempel fotball, langrenn, handball, snøbrett, turn, volleyball og alpint. Eg går langrenn som går under navnet «toppidrett» som er målretta satsing mot ein bestemt sport. Dei fleste som går idrettsfag går det ein kallar «bredde» der ein har to idrettar, som for eksempel fotball på sommarstid, og snøbrett om vinteren. På idrettsfag er det til saman 3 klasser, ei for kvart års trinn.

Etter at klasseoppropet var over gjekk vi til dei nye klassene våre kvar og ein. Eg kom i klasse med 31 flotte elevar og det er vi som er 1i. I tillegg til denne klassa er vi på langrenn, tilsaman 11 stykk, der av meg og Lars Anders frå 1i, ei eiga gruppe leia av Jorunn Vigdal og Anneli Rem (også kjend som tidlegare landslagsløpar Ann Eli Tafjord). Vi har det som vert kalla «basismøte» kvar morgon og trenar saman på alle dei 3 treningsøktene vi har i skuletida for oss sjølv, samt alle samlingane som vi snart skal kome tilbake til.

Allereie fire dagar etter skulestart var det klart for første utflukt. Heile Idrettsfag lag i veg frå parkeringsplassen på Strandafjellet oppover mot Kleivedalsfjellet 1154 m.o.h. Derifrå skulle vi gå vidare mot strandarane sitt favorittfjell Roaldshornet 1230 m.o.h, eller Roalden som dei seier her, for så å rusle ned igjen til skulen.

Idrettslinja

Heile idrettsfag tek ein pust i bakken ved Langevatnet, på veg mot Kleivedalsfjellet. Vi har nettopp brote gjennom skoddelaget som skjerma lavlandet for sola.

Kjende fjell pluss folk

 Ein flott dag!

Kjempe bilde silhuett

Elevar på fjelltur. Bak ser vi m.a Storhornet, Leirvasshornet, Smørskredtindane og snøkuppelen til Risenosa? Vel, så er eg ikkje så langt ifrå heime likevel ...

Veka etter var det klart for den første barmarksamlinga med langrennsgjengen i Valldal.

Team'et samla 

Nesten heile gjengen samla på toppen av Vardefjellet i Valldal. Frå venstre bak: Jorunn Vigdal, Anneli Rem, Lars Anders Hoel, Per Ove Frøysa, Steffen Andreas Hole og Tarjei Lund Tafjord. Framme frå venstre: Håvard Myklebust(Meg), Kjersti Hoel, Marte Hjellbakk Hole og Bjørnar Overvoll Hole. Ikkje til stades: Eirik Andrè Helsem, Anniken Hjellbakk Hole (begge på kretssamling på Dombås) og Are Tafjord (Fotograf).

I veke 37 var det friluftslivtur til Langnesdalen i Sykkylven med tur til Gimsdalstinden 1007 m.o.h med klassa som stod på programmet. Dalen ligg mellom den forrevne rekkja til Hammarsettindane og Straumshornet ved Aure i Sykkylven. Første del av dagen gjekk med til fjellturen og andre del var å kome seg inn til Langenesvatnet for oppsetjing av telt.

1i

På veg oppover mot Gimsdalstinden. Desverre hadde eg ingen oversiktsbilete.

Egga smalnar inn 

Egga smalnar inn oppover mot toppen. Bak ser vi Sykkylven og Storfjorden.

Bjørn Inge 

Bjørn Inge Drabløs (lærar) speidar etter teltplass i Langnesdalen. Bak hovudet til Bjørn Inge ser vi Straumshornet 976 m.o.h.

Bjørn Inge å Anette 

Lærar delar kunnskap med elev. Her er det Anette Vågsæter som får greie på nokre stadnamn.

Linn å M.Bus 

To smilande jenter på fjelltur. Linn Kammen til venstre og Marte Busengdal til høgre.

Oversikt

Toppen nærmar seg og egga har vorte smal. Bak ser vi Sykkylven med brua til venstre og Magerholm på den andre sida av fjorden.

Celebration 

Toppen er nådd! Heile 1i med unntak av Joakim Fiskerstrand og underteikna som var fotograf. Framme sit lærarane Bjørn Inge Drabløs (venstre) og Eivind Busengdal (høgre i lyseblått).

Vatnet 

Langnesdalen med vatnet. For å gjere greie for kvar vi er så blir Straumshornet utanfor høgre biletkant, Velledalen til venstre over kneika i enden av vatnet og bak ser vi m.a Brunstadhornet, ein del av Slogen, Regndalsbreen og Midre Regndalstind.

Straumshornet i sihuett me m.a Råna i bakgrunnen

Dravlausnykkjen(den lange ryggen) 980 m.o.h og Straumshornet 976 m.o.h i front, Råna 1586 m.o.h til venstre, Trandalstinden 1543 m.o.h ved sida av og Blåbretinden 1476 m.o.h bak.

Toppen 

 Balansering i toppområdet.

Det bles friskt då vi kom ned til vatnet seinare på dagen. Utover kvelden løya vinden og regnet satte inn. Eg hadde meir enn nok med å få sette opp eit nok så stirrigt telt og det blei heller lite fotografering ved teltplassen. Avsluttar denne turen med to bilete frå dagen etter.

Telt

 Teltplassen under Hammarsettindane.

Wonder schøn

 Straumshornet i all sin prakt. Eit lyspunkt på den eller så våte dagen.

 

I veke 39 var det klart for skisamling igjen for langrennsgjengen, denne gang på Hellesylt med Norangsdalen som treningsarena.

Gjengen klar for økt i Norgan 

Gjengen klar for første rulleskiøkt i klassisk stilart og med intervall på programmet i Norangsdalen. Den første nattefrosten var komen og frosten beit i, gjennom dei tynne kondomdraktene. Likevel var det ein strålande, skyfri og solrik dag.

Dessverre så «måtte» eg vere med på intervallen så det blei ikkje mange bileta då. Likevel fekk eg knipsa eit bilete av Store Smørskredtind 1631 m.o.h i den eine pausa. Det var jo ein grei trøst det.

Fin dag - Kopi

Store Smørskredtind 1631 m.o.h. Flottare tind skal ein leite lenge etter spør du meg.

Tilbake frå draumeland og til blodslitet igjen. Det blei køyrd ein klassisk 5*4 minutts intervall med 3 minutts pauser. Det finst mange variantar av intervall, men på SVGS er det denne vi brukar mest. Pausene blir gjennomført aktive, det vil seie at vi held oss aktive i pausene så vi ikkje stivnar. I Norangsdalen blei det heller fartsfylte pauser med augene på utkik etter sauer som kryssa vegbana!

Ne

« Sei meg ein ting, er ikkje det der nede ein sau?» - Eirik Andrè Helsem på veg ned Norangsdalen.

kan brukast kanskje 

Heldigvis kom vi klar dei morgontrøytte sauene. Frå venstre: Tarjei Lund Tafjord, Steffen Andreas Hole og Per Ove Frøysa.

Neste økt var roleg langtur på Ljøbrekka.

På tur til Ljøbrekk

 Are Tafjord leiar gjengen oppover svingane til Ljøbrekka.

Verdsarv området ligg uberørt

 Verdsarvområdet i haustfargar.

Speiling

   Haustspegling.


Per Ove peikar

Per Ove Frøysa, på toppen av Ljøbrekka, peikar nedover mot Strandadalen og riksvegen.

 

Dagen etter blei det møte med sprint-esset Håvard Bjerkeli.

Håvard B og Myllis

 Håvard Bjerkeli instruerar medan Tarjei Lund Tafjord lyttar.

No er nærmar vi oss jul og skisesongen har for lengst starta. Langrennsgjengen har vore på skisamling på Sjusjøen (ingen bilete) og nokre har delteke på skirenn på Dombås. Vi ser fram til ein flott skisesong og eg personleg gler meg til å sjå resultatet av denne flotte hausten på Stranda vidaregånde skule.


IMG_6947

  Underteikna i bakkane på Dombås.


 

                                   Foto og tekst: Håvard Myklebust