Søndag ettermiddag spelte og song vi jula inn i Ørsta kyrkje, slik tradisjonen er. Dalane/ Sæbø skulekorps fekk innleie den første konserten, men aller først sa organist/kantor Roar Lillebø nokre velkomstord. Musikantane frå Sæbø fekk ein ekstra velkomst, i og med at det var første gongen dei var med på denne konserten.

I ei fullsett kyrkje opna skulekorpset med "En stjerne skinner i natt", før 10 år gamle Synnøve Yksnøy spelte ein kjempefin kornettsolo på "I en natt" av Bjørn Eidsvåg. Korpset let presist, samstemt og framfor alt veldig reint. Ikkje dårleg det for eit skulekorps med så unge musikantar. For nokre av musikantane var det også første gongen dei spelte i ei kyrkje. Ekstra høgtidsamt var nok det, og fleire var ganske så nervøse. Eller var det topp konsentrerte dei var? Etterpå var musikantane nøgde, for dei var klar over at dei hadde spelt veldig bra, eller rettare sagt imponerande bra!!!

Hornmusikken, under dirigent Arild Andenes, spelte "Stille Nacht" og "Et barn er født i Betlehem". Dei andre aktørane på denne konserten var Ørsta Frikyrkjekor (dir. Knut Ose), Leif Langdal og Alf K. Vatne med "Adams Julsång" (Roar Lillebø, piano), Ervingen Blandakor (dir. Øyvind Lied) og ØB Brass (dir. Nils Ose). Elles var det andakt ved sokneprest Mathias Austrheim.

Dalane/ Sæbø skulekorps takkar dei som spelte i lag med oss i kyrkja: Leif Petter Øyehaug, Anja Moe, Therese Aakre, Ola Hustad, Sigrid Anette Vatne og Knut Ose, samt vår kjære trommis Anna Vadseth (håper eg ikkje har gløymt altfor mange no). 

Eg vil med dette få ønske alle musikantar og foreldre i Dalane/Sæbø skulekorps riktig GOD JUL!!!