Bilete til høgre er teke i 14 tida søndag, frå Selferbakken i Åmyrgjerda på Kvistad, og det er like før det merkast at dagen er på hell. Vi ser her over til Aklestad og Lisjedalen med sola som skin på Lisjedalshornet.

Mykje har vore skreve dette året og kvaliteten på Nyhende og Artiklar har vore av ei klasse som vi kunne berre håpe på den dagen vi starta opp. Biletekvaliteten er svært god og vi merkar at folk vert berre betre og betre å skrive, og enkelte har vorte så god at det er reint kjekt å lese same kva dei skriv om.
Kanskje skulle vi avslutte året med at brukarane nominerer 5 kandidatar til "Årets beste skribent"? Her kan vi få tilbakemeldingar om kva brukarane meiner. Vi må ha ein jury som ikkje har noko med portalen å gjere for å avgjere kven som vert vinnar. Kan vi få til dette når det er så kort tid att av året? Ein eller anna utmerkelse til vinnaren kan vi få til.

I år som i fjor er det nissekonkurranse kvar dag i desember før jul, og Kjell Johan Årseth er nissemakaren og det er kun han som har fasitten på kvar og kven bileta er av, til den som gøymer seg bak den"bøvlige" maska. Han er også den ubestridte dommar som bestemmer kven som skal få poeng. Vi andre i administrasjonen har forundra oss over når folk svarer med spørsmålformuleringer og spørsmål teikn, om det er svar, men Kjell Johan er ein romsleg kar og tolker alt til det beste.

Nissekonkurransen har ei god vanskelegsheitsgrad og det er imponerande kor dyktige folk er til å løyse oppgåvene og ein kan berre undre seg om enkelte har pugga alle bileta på heile portalen. Det vansklegaste er å finne bilete av den personen det gjeld. For å gjere dagens nisse spennande og vanskeleg for andre også, så bør ein ikkje opplyse om kvar ein finn løysninga når ein svarar, då det vert meir eller mindre å vere på rett plass og til rett tid for andre for å få dei to neste poengplassane.

Hjørundfjordportalen er ansvarleg for å få til gode premiar til dei som vert vinnarar av konkurransen på julaftan og her er vi i ferd med å få på plass sponsorar, men det er ikkje heilt avklart ennå kva som vert premiane(1.-2.og 3.premie). Håper dette vert avklara på måndag så vi kan orientere brukarane på portalen. Premieutdelinga vert på julefesten 3.juledag.

For å kunne kommentere og å svare på konkurransen må ein vere innlogga som brukar. Vi som har administrasjonsstatus på portalen, kan sjå innpå ei liste der vi ser kven som er aktive brukarar. Ein del brukarar er ikkje aktivert. Dette er fordi det ikkje er svart på den eposten som kjem til epostadressa etter registrering. Dette er for å sjekke at det er rett adresse som er innmeldt. Årsaka til at denne tilbakemeldinga ikkje er sendt tilbake, kan vere at ein har gløymt det, eller eposten har vorten stoppa av virusprogram eller brannmur,  fordi den liknar på ein uønska epost. Dette er ikkje noko problem dersom de tek kontakt med oss så kan den aktiverast manuelt av våre to webkarar.

Skulle du ha gløymt passordet ditt så klikk på den blå linken (gløymt passord) som står ilag med innlogginga. Du mottar strakst eit nytt passord, men dette er ein talkombinasjon som er vanskeleg å hugse. Du kan ordne på dette etter du har kome deg inn som brukar, og du klikkar på "Kontodetaljar" og der kan du skifte passord til det som høver best for deg.

Som du forstår så er det ingen grunn for å ikkje bruke portalen fordi at du har mista passordet.

Når det gjeld køyrereglar for portalen har vår fagmann Rune S. skreve ein god artikkel om dette her som fortsatt er like aktuell:  http://www.hjorundfjord.no/?side=artikkel&artikkel=1131

I ingress skal det vere korte setningar og det er alletide lurt, for å få mykje besøk, å legge inn eit aktuelt inngressbilete. Teksta i inngressen bør ikkje vere så stor at den går langt nedom nederste biletekant i inngressbilete. Teksta bør være kortast mogleg og skrivast slik at folk vil klikke på artikkelen/nyhenda for å lese vidare.

 

Ivar Svein Mo