Nøtteknekkaren på Ørsta Kulturhus.

Også i år vert det framsyning av Nøtteknekkaren på Ørsta Kulturhus med gjestedansarar frå Nasjonalballetten i Praha.Dei skal danse hovudrollen ( "Clara" er som skapt for rolla!)

Lokale dansarar skal ha nokre hovudroller
I alt deltek 85 dansarar frå Ørsta og Volda Ballettskule

Nok eit ”Magisk Øyeblikk”

Nøtteknekkaren er andre ”Magiske Øyeblikket” i  Operaen sin promoteringsstafett som Ørsta og Volda Ballettskule vart plukka ut til å vere med på. Bilete frå framsyninga skal synast på ei utstilling på det nye operahuset i Bjørvika under opninga der neste april.

Spurde om autografar.

Gjestedansarane frå Praha er dei same som i fjor, dei syntes det var kjekt å danse i lag med amatørar i ei lita bygd i Norge, samstundes var dei imponerte over kvaliteten på framsyninga! Dessutan sette dei pris på at dei unge dansarane herfrå var ivrige etter å få autografane deira.
Dansarane frå Nasjonalballetten var som skapte som rollene, Lenka var som skapt for rolla som Clara, Jakub var slik ein kunne forstille seg Hans-Petter  og Roman var perfekt som Prinsen og Musekongen. Dette er noko å gle seg til!

Renáta som magikaren.

Koreograf og ballettpedagog Renáta Vynikalova skal danse rolla som magikaren Christina. Ho var overbevisande i rolla i fjor, ingen tvila på hennar magiske evner! Dessutan gjorde ho ein fantastisk jobb med koreografien og regien i 2006.

Øving ved ”Laterna Magika”

No i månadskiftet har Renáta vore i Praha og øvd med dansarane ved Nasjonalballetten, då nyttar dei treningsrom ved det kjende teatret ”Laterna Magika”. Det ligg vegg i vegg med Nasjonalteatret i Praha, der gjestedansarane arbeidar til dagleg.

Suksess i 2006

Ørsta og Volda Ballettskule hadde stor suksess med denne vakre balletten i 2006, om lag 850 såg framsyninga då.
Dansarane frå Nasjonalballetten i Praha synte oss fantastisk dans, det vakraste nokon gong synt i Ørsta. Gle dykk!

Billettar kan tingast på www.orsta.kulturhus.no

Synnøve Rekkedal Hill