-         Å ja, det vert nok fisk til middag tre-fire gonger i veka, men heretter vert det nok fisk kvar dag.  Det er Sverre B Bjørke, Post-Sverre, som seier dette.

-         Men er ikkje du ein landbrukets mann, du som har selt traktorar og traktorreiskap i ein mannsalder?

-         Jau, men her ein dag såg eg nærast lyset.  I alle høve møtte eg blikket til han Steinar Lem.  Han sa det rett ut – et vi meir kjøt no vert miljøkonsekvensane så store at verda går under.  Etter det blikket han gav, vågar eg ikkje anna enn å lystre… Seier Post-Sverre og bryt ut i latter.

IMGP1671 (Large)

Post-Sverre og "Pelle" klar til dagens fiske. 
 

Det er torsdag morgon og eg har fått den ære å vere med Post-Sverre på Bjørke ut og drage garn.  Julefisken skal bergast og er vi heldige får vi torsk også, seier Sverre.  Dette er ikkje tilfeldige greier.  Eit par dagar før var vi ut på eit prøvefiske, det vart då ein flott sei ikkje langt ifrå fiskeplassen ”Kokkens glede” rett utanfor Finnes, men Sverre var ikkje  nøgd.  Nei,  det var fullmåne og då brukar ikkje fisket å vere godt. Neste gong vil han  prøve torskegarn også sjølv om det er i tidlegaste laget.  Sverre snakkar forresten ikkje om torske- eller sei-/lyrgarn, han snakkar om omfar, men slikt noko vert for vanskeleg for ein innlandsbonde. 

IMGP1807 kopi (Large)

Post-Sverre på veg til Leira og torskegarna. Kalneset i bakgrunnen.

 

Det er ein flott torsdag morgon, heilt stilt på fjorden og det har no blitt mildt og fint.  Vi passerer  Finnesrevet,  Post-Sverre brukar ikkje å fiske innanfor dette revet, og plutseleg har Sverre ei tilståing å kome med:  - Du, det var ikkje fullmåne den natta.  Solveig (kona) seier at det ikkje er fullmåne før natt til julaftan.  Og Solveig pla ha rett. 

 

- Men det er helst eit større problem når ein får for mykje fisk enn for lite fisk.  Meir enn ein gong har eg nærast vore på misjonsferd bygda rundt for å få folk til å ta imot fisk.  Ja, det har vel hendt at også kattane har kvitt seg mot ein siste fiskebit.  Men god mat skal ikkje kastast, veit du, seier Sverre og skrattar høgt igjen.  Det vert mykje skratting denne morgonen.

IMGP1808 kopi (Large)

Den hydrauliske pumpa som dreg spelet, vert raskt kopla til motoren ved hjelp av ei kilereim.

IMGP1810 (Large)

Så er det klart til draging av garna, men fyrst må blåsa ombord.  Båtshaken er til god hjelp.

 

Så er vi der – ved blåsa – like innanfor Leira.  Den 22 fots store båten har Post-Sverre sjølv bygd om slik han vil ha den.  Han opnar luka til motorromet, koplar rakst ei kilereim mellom motoren og den hydrauliske pumpa som dreg spelet, set sessen på plass og så er Post-Sverre klar.  Tre torskegarn skal dragast.  Han har god tru. Det er lite i dei to første garna, berre ein halveten knorr og ein stor krabbe.  – Krabben brukar å vere raskt ute.  Godt at det ikkje er ein torsk han har begynt på, seier Sverre.

IMGP1814 kopi (Large)

- Her kjem den første.  Juletorsken er berga.

IMGP1818 kopi (Large)

- Og her kjem nr. 2.  Slett ikkje så verst.

IMGP1837 kopi (Large)

Den siste fisken er klar for bløgging og stampen.

- Der kjem den første.  Juletorsken er berge, kvitrar Sverre.  Dette likar han alt for godt, meiner Solveig.  - Ho har meir enn ein gong måtta ha lagt ned fiskeforbod, fortel Sverre. Men no er dette gløymt.  Det vert tre fine torskar, ein liten lyr, to store krabbar og eit par andre småfiskar.  Lyren skal verte kattemat.

- Veit du forresten at når sauen er på sitt magraste, så er lyren på det feitaste?         - Sjølvsagt, svarar eg og lyg så det renn.

IMGP1817 (Large)

Krabben har rokke å ete opp halvparten av ein knorr før han sjølv må ombord i båten.

På veg til neste garnlenke på motsett side av Storfjorden – rett utanfor Finnes, greier Post-Sverre garna han har drege. Fisken vert løyst frå maskane, blogga og plassert i stampen.  Krabbane kjem etter.  Dette er rutine.  Post-Sverre pratar og ler mens han arbeider.  Kanskje vert det i meste laget med preik, for plutseleg vert det oppdaga at båten nesten har gått i ring.  Nei, eg skal ikkje sladre, Post-Sverre.

IMGP1824 (Large)

Kursen skal passast samstundes som garna skal greiast.

Denne 22-fots båten, som Post-Sverre kjøpte like etter at han vart pensjonist,  har døtrene til Post-Sverre døypt.  Båten fekk namnet ”Pelle”.  Post-Sverre verkar  nesten litt brydd når han fortel det. – Du skjønar at eg vart kalla Pelle då eg var gutunge.  Men Post-Sverre kan ikkje klage, det var han sjølv som kom på namnet.  - Men det er berre nummeret til båten som syner på utsida, ikkje namnet, fortel han.

 

Sverre har også t.d. montert ein omn i båten.  Omnen går på parafin og er god å ha når Sverre skal lenger ut i fjorden på linefiske.  Men han får visst nok fisk her inne.

Så er vi ved den siste garnlenkja.  Same rutinen.  Ved hjelp av båtshaken får han opp blåsa og ved hjelp av spelet er han snart i full gang med garndraginga.  Det var i dette området han fikk ein fin sei for eit par dagar sidan, men i dag er det lite å få i garnet – ikkje ein småfisk ein gong og slett ikkje ein krabbe. – Det var godt å sleppe denne torsken som gjerne tvinnar rundt- og flokar til garnet, humrar Post-Sverre og gliser.  Men måsen har i alle fall god tru – dei følgjer etter Post-Sverre og ”Pelle” heilt inn til bryggja.  Tydelegvis er dei vande med ein godbit dei også.

IMGP1845 kopi (Large)

Ikkje fisk i dette garnet - garnet som vart sett ikkje langt frå fiskeplassen "Kokkens glede" rett utanfor Finnes.

Det er forresten ikkje så greitt med dette Sverre-namnet på Bjørke.  Det er nemleg to av dei – bussjåføren Sverre P og postopnaren Sverre B (Post-Sverre).  - P står for buss og  B for Post, opplyser  Post-Sverre.

-         ????

      -     Slik er det berre, slår Post-Sverre fast og legg til:  - Er det vente anna enn at det blir krig i verda? Han skrattar høgt igjen.

 

Vel inne ved flytebrygga vert ”Pelle” fortøydd.  Vanlegvis brukar Sverre å prekivere fisken heime, men denne gongen sløyer han den på brygga til ære for fotografen.  Og måsane set i alle høve stor pris på det.

IMGP1860 (Large)IMGP1863 kopi (Large)

Fisken vert denne gongen sløya på brygga til ære for fotografen.  Til større fangst, til breiare smil på Post-Sverre.

IMGP1711 (Large)

Måsen set også pris på fiskeria til Post-Sverre

Så er det berre å takke for ein hyggeleg tur.  Men allereie i romjula startar Post-Sverre opptrappinga til den store vintersesongen.  Han gler seg stor, men vonar at fisket ikkje vert for godt i starten – då er det fare for at det vert erklært fiskestopp, humrar Sverre igjen.  Og han har framfleis sjølvlaga klippfisk att.  Her er nok Steinar Lem og Post-Sverre samde;  bacalao og klippfisk som julemat er gode saker – og kan vere med på å berge verda.

God jul til alle fiskeelskarar.

Ein liten quiz høyrer med til slutt.  Kva heiter desse to store steinane under og kvar finn vi dei?

IMGP1849 (Large)