I dag, måndag 17. desember, vart den nye ferja som frå årsskiftet skal gå mellom Volda og Lauvstad, døypt. Det var ordføraren i Volda, no stortingsrepresentant, Ragnhild Aarflot Kalland som stod for den høgtidelege handlinga. Dåpen gjekk føre seg på Lauvstad og ferja fekk sjølvsagt namnet M/F "Lauvstad".
Ordførar i Volda/stortingsrepresentant Ragnhild Aarflot Kalland (i bundad) var gudmor til M/F "Lauvstad". (Alle foto: Tor Arne Aasen, Samferdselfoto)
Og kven vert kaptein ombord i M/F "Lauvstad"? Jau, ein av kapteinane vert Mathias Riise. Rett nok bur han i Volda, men utan tvil er han hjørundfjording, fødd og oppvaksen på Sæbø som han er. Framleis er Riise tilsett som sjøkaptein i reiarlaget Christian Gerhard Jebsen Skipsrederi - http://www.hjorundfjord.no/?side=artikkel&artikkel=687 men frå 1.1.2008 er han tilsett som sjøkaptein i Tide Sjø AS. Som allereie nemnt vert han no ferjeskipper ombord i den nybygde ferja M/F "Lauvstad.
Brødrene Riise på brua til M/F "Lauvstad. Ole Johan bak og Mathias i uniform.
Mathias Riise vert dermed kollega til bror sin Ole Johan Riise. Ole Johan er i dag kaptein ombord på M/F "Folkestad" - ferja som går i rute mellom Volda og Folkestad. Dei to vert dermed sjøkapteinar på kvar sitt av dei to ferjesambanda på Voldsfjorden. Dei vert også tilsette i same selskap/reiarlag - Tide Sjø AS.
Tekniske data for den nye ferja M/F "Lauvstad":
Lengd: 64,20 m
Største breidde: 14,00 m
Framdriftsmaskeneri: 4 stk. Scania DI 1634 M
Framdriftseffekt: 4 x 441 kw
Personbilar: 50
Vogntok: 6
Passasjerar: 145
Servicefart 11 knop
Ferja er designa av Multi Maritime AS og er den fjerde av i alt seks ferjer som Fiskerstrand Verft AS skal levere til reiarlaget fram til juni 2008.
Kaptein Mathias Riise ynskjer gjestar og skuelystne velkomen ombord i M/F "Lauvstad" tidlegare i dag.
Gratulerer med ny jobb, sjøkaptein Riise. Dette kom brått på?
- Tusen takk. Heilt brått kom det no ikkje. Eg har nok tenkt på det ei stund. Eg er tross alt 53 år og har vore i utanriks sjøfart i nesten 35 år. Det er vel på tide å vende nasen heimover.
Ja, men kaptein i utanriksfart er vel tross alt litt meir eksotisk enn ferjeskipper på Voldsfjorden?
- Kanskje det, men sjølv om eg er svært fersk i faget som ferjeskipper, ser dette slett ikkje verst ut. Ferje er ny og fin og er har trivelege folk rundt meg.
No skal ikkje eg blande meg inn i privatlivet ditt, men var ikkje kona di, Solfrid, nyleg med deg ombord på M/V "Pipit Arrow"? Er Voldsfjorden like bra?
- Jau, Solfrid var med meg på den siste turen. Ho kom ombord i Houston, Texas og var med ned til Venezuela der vi gjekk i land. Men eg ser ikkje vekk ifrå at ho vil vere med meg på ein tur på Voldsfjorden også. Og i dag har eg fått vite at Lauvstad skal vere like eksotisk som nettopp Venezuela... Flotte damer er der også.
Ok, men du er klar over kven som er kaptein ombord på den større ferja M/F "Folkestad"?
He, he... Eg veit nok at det er bror min, ja.
Men han er veslebror din og likevel er han skipper ombord på ei større ferje. Kan dette gå bra? Og kva vil skje dersom de begge vil legge til kai i Volda samstundes?
No kunne eg sikkert ha blitt kaptein ombord i ei større ferje i same selskap, Hareid - Sulesund, men eg valde denne ferjestrekninga for eg bur i Volda. Og det går heilt sikkert bra med bror min og meg. Kjem vi likt til Volda får eg nok berre gje plass til han - i alle høve i første omgang...
Eit siste spørsmål: Ærleg tala - du har vore ute i verda stort sett i 35 år. Greier du å halde ut eit halvt år på Voldsfjorden?
Dette skal gå fint. Rett nok har borna våre lagt 200 kroner i potten kvar. Dei påstår at eg maks greier å halde ut i eitt og eit halvt år som ferjeskipper. Eg har tenkt å vere lenger og dermed vinne det veddemålet. Men for all del - om det ikkje skulle fungere er eg såpass optimist at eg trur at eg skal klare å finne meg ein ny jobb på dei sju hav igjen.
Lykke til, seier hjorundfjord.no.
I løpet av dagen har underteikna fått tilsendt fotoet under. Sendaren undra seg over om det er dette som kan kome til å skje dersom begge kapteinane vil legge til ferjekaia i Volda samstundes...
Fotografiet skal vere teke på Mathias sin 18-årsdag. Boksehanskane hadde brødrene kjøpt på postordre og faren, Johan Riise, frykta at det verste kunne skje. No skjedde ikkje det verste, men kort tid etter at fotoet vart teke, kom det fram naseblod på ein av dei to.
Men for all del - etter det hjorundfjord.no kjenner til, har dei to lagt denne episoda bak seg for lenge sidan...
Ole Johan(t.v.) og Mathias Riise.
Kommentarar