I går, torsdag 6.12.07, var heile 10 medlemmar pålogga samstundes.  Det er ny rekord og årsaka var utan tvil Kjell-Johan Aarseth sin populære "Kven er nissen"- julekalender.  Svært mange vil avsløre kven dagens nisse er.  hjorundfjord.no sin administrator, Ivar Svein Mo, set svært stor pris på at det er flest unge som vil løyse oppgåvene og ikkje minst jenter/kvinner. Han lovar sjølvsagt premie til dei beste når konkurransen er slutt.

Tilfeldigvis var underteikna i dag ein tur innom Eik Senteret i Ørsta.  Og kven sit bak skranken til delelageret der?  Ja, det er ein av "nisseavlørarane", nemleg Magnar Leknes.  No er det sjølvsagt lite høfleg å ta med seg eit fotoapparat og "skyte" frå hofta, men det vart no gjort likevel.

IMGP1508 (Large)

Delelagersjef Magnar Leknes ved Eik Senteret.  Men kva er det vi ser på dataskjermen?

Dersom ein klikkar på fotoet over og får det opp i full storleik, ser ein nok at det er dagens nisse som er på skjermen.  No skal det raskt leggast til at Magnar Leknes slett ikkje brukar arbeidsdagen sin berre til å kike på Hjørundfjordportalen.  Han og Knut Magne Øye hos Felleskjøpet er nemleg to svært populære delelagersjefar.  Dei kan- og utfører sitt fag på ein rask og god måte.  Difor er dei svært populære mellom oss gardbrukarar.

Men tilbake til julekalenderen.  Då underteikna var innom like etter at dagens nisse var lagt ut, hadde Magnar enno ikkje løyst oppgåva.  Likevel var han heller sikker på at dei som hadde tippa Enok Kippersund, hadde tippa feil.  Så får vi sjå...