God kveld godtfolk.

Då de skulle ha gått heim etter tredjedagsfesten i fjor, gjorde de ikkje det.--- Det vart eit drama og starten på Hjørundfjordportalen sin suksess. For no skulle det debatterast på internett. Sidan har det vore heftige debattar om laks, oppdrett, valet, ordførarvalet, gamle menn, osb. Nokre av debattantane har vilja trekt innlegga sine, og aldri debattere igjen,--- for så å kome att neste natt. Ja, mange av debattane skjer om natta.

Dette skal me kome tibake til, for framleis er det slik, heldigvis vil nokre seie, at det ikkje berre er på nettet det er aktivitet i Bondalen. Framleis vert det køyrt bil, jakta, snakka og handla.

Nokre vil vel seie at det av og til også er for lite handling. Det må gjelde for prestegarden. Pengane til oppussing skal vere klare. Det såkalla Opplysningsvesenets fond har sett av millionar av kroner. Soknerådet er også klare, og meir på hogget enn nokon gong etter fjorårets gjennomgang av rutinane, ved åndeleg aktitivtet.Men ein mann, er ikkje klar for noko så verdsleg som å vøle eit hus, enno. Difor skjer det ingenting. Spørsmalet må vere, kva som må til. Det verkar som om det materielle ikkje står så høgt i kurs der i garden. Kanskje er det som i salmen: "Eg veit i himmelrik ei borg"...

Ein som har sansen for det materielle, er bussjåføren vår. Stor var gleda i vår, då sjølvaste Ingvild kom i ny skapnad. Vi snakkar sjølvsagt om bussen Ingvild. Kvitlakka og med det flottaste panoramabilete av Hjørundfjorden på baksida. Alt var berre glede.Men kva skjedde? Jau, Ingvild gjekk seg varm. Ho vart skikkeleg heit, og motoren brann. Er det mogleg sjåforen har mistydd noko her, at bussen og namnesystera ikkje skal ha same kurtisen?

I vår kom kystsoneplanen, og med han kom alle dei lokale ideane. Det skulle byggjast hytter fjorden rundt, og oppdrettsnæringa sikla etter lokalitetar for torske- og lakseoppdrett. Men ein mann stod opp. Det skulle ikkje kome eit einaste oppdrettsanlegg til fjorden. Det vart starta aksjonar, både på internett, via vener og på butikkar. Meir enn 800 underskifter kom inn. Her var Hjørundfjordportalen sentral, og nye høgder for engasjerande debattar kom. Likevel, der vart ein merkeleg debatt. Skulle ein fylgje med, måtte ein vere oppe om natta, for om morgonane var innlegga vekke. Me visste ikkje at laksen var eit nattdyr...

På den andre sida, knapt nokon veit kva ein villaks er lenger. Aller minst dei som fiskar etter han i elva. Og endå mindre dei som fører fangsprotokollen. Ja, kvar er han forresten?

Komunestyrevalet vart i år avgjort på Hjørundfjordportalen. Ein rotekte hjørundfjording framma Haua, var uroa over at komunestyret ville verte overbefolka av ørstingar og vartdalingar. Mannen fann sine seks favorittar, bad folk om a røyste på dei, og det gjorde folket. Sjeldan har folket i Hjørundfjorden fylgt bjøllesauen slik.

Men ikkje alle likte aksjonen, og aller minst dei som stod på liste, og som ikkje var plukka ut blant dei utvalde. Det var visstnok berre så vidt aksjonsleiaren kom inn i røystelokala, då ein av listekandidatane, og medlem i røystestyret, og leiar dei fleste andre stader, gjorde teikn til ein motaksjon. Men det stoppa med teikna.

Noko desse seks utvalde må arbeide med i kommunestyret, er gymsalen på Sæbø. Han lek slik at borna må vere ute for å ha gymnastikk når det regnar, og for å ta dette att, må dei vere inne når det er sol. Noko av det fyrste dei seks har fått til, er at eigedomsskatt skal utgreiast for å betale for herlegheita.

Når ein fyrst er inne på eigedomsskatt, spørst det om ikkje oppsitjarane på Sæbøneset bør få ansvaret for å betale ein vesentleg del av denne skatten. Dei har rota det skikkeleg til for seg sjølve. Kommunen var klar med pengar og planar, og ville lage ferdig Sæbønesvegen som oppsitjarane har masa om i tretti år. Men då var ikkje det bra nok. Vegen var ikkje akkurat slik oppsitjarane ynskte, og det vart krangla og opponert slik at prosjektet er utsett på ubestemt tid. Alle vegar fører til Rom - Sæbønesvegen fører ingen stad.

Ikkje eit år utan bygdemobilisering, og i år var Sæbø i sentrum. Det kom på plass ny skyssbåtkai for å ta i mot farande. Å verte kvitt den gamle var ikkje so lett. Det måtte harde forhandlingar til for å få fjerna dei siste stolpane. Nye tider er ikkje så enkelt, og uttrykket hevd hjelper ikkje lenger.

Men ikkje noko nytt sentrum, utan Hustad-folket. Endeleg starta arbeidet med den nye småbåthamna. Og dagstøtt vart "ein mann i frakk" observert i morgontimane for å inspisere millioninvesteringa. Massen frå hamna sikra både promenade og nye tomter mot sjøen.

Så langt er alt vel og bra, men er det fåfengt arbeid? Klimaendringane seier at havet skal stige med fleire meter. Då er det i alle fall bra at skyssbåtkaia er ei flytebryggje.

Men dette er ikkje alt. Litt havstiging kan me nok greie, men kva med flodbylgja. Ekspertane seier at sjøen vil kome inn over Sæbø i fire meters høgd

når Åkerneset dett i Storfjorden. Me veit at dette har skapt angst hos nokre. Kanskje aller mest i Øyragata, der ein kunstmålar lurer på kva som vil skje med akvarellane i kjellaren når dei vert godt bløytte med sjøvatn. Kanskje vil bylgja strøyme fram mot Rise, der den eine av to fellesfjøsar i dalen er under byggjing. Byggjearbeida har gått merkeleg bra, og det er ikkje rapportert om uhell av noko slag. Alle som er inne er inne, og dei som er ute, er framleis ute.

Men tilbake til bylgja. Løysinga må vere ein voll. Han er alt påbyrja ovanfor Sandvika, og kanskje kan me få ein skikkeleg ringvoll rundt Sæbø, ein kombinert fonn- og tsunamivoll. Det ville ha vore ein attraksjon, det.

Me har vore inne på klimaendringane. Nokre meiner endringa alt er komen. Men er det så unormalt med regn frå juli til og med november? Me var mange som fylgde med på portalen, og såg at målestasjonen på Hustad målte mykje regn, men rekordane heldt stort sett stand likevel.

Sæbø sitt A-lag rykte endeleg opp att i femte divisjon. Laget gjekk igjennom serien utan poengtap på heimebane, og var ganske så suverene. Men det kan verke som om spelarane ikkje heilt forstod tabellen, og trudde at poengtalet var i brutto. Kanskje det var difor spelarane gjekk i netto då opprykket vart feira på bygda sitt hotell?

Nokre som hadde enda større grunn til å feire, og som gjorde det i langt meir sømelege former, var jentelaget til Sæbø IL som tok bronse i Norway Cup. Det er den beste prestasjonen eit lag frå Sæbø nokon gong har gjort. Men så måtte det berre verte suksess når laget gjekk til fotballandet Nederland for å få seg trenar. Meisterkokken på Sagafjord skifta beite til å verte meistertrenar. Totalfotballen gjorde sitt inntog i Sæbø IL, og jentene var lærevillege. Med suveren teknikk og taktikk vart det eine laget etter det andre slått ut på Ekebergsletta, og heilt til semifinalen gjekk det, med stadig fleire hjørundfjordingar på sidelina.

Den største plaga for mange i år, var seismikkskipet frå PGS. Fyrst okkuperte det kaia, så skremde det vekk all fisken frå fjorden, for so å kome tilbake til kaia og liggje her heilt til desember. Lekteren låg i vegen for lemmen på kaia, og om det medførde kansellerte utskipingar av sand ve it me ikkje noko om.Uansett har lekteren vore god å ha som forklaring når folk har kome heim frå fiske, utan ein einaste seid eller torsk.

Ein som ser ut til å ha lukkast, er han som i fylgje likningsprotokollen har fått ei formue på fleire millionar kroner, fram på dala. Då må me attende til klimaendringane: Er det mogleg å tene så godt på vedasal? Eller er det ein som veit noko meir om aksjefond enn seljarane i Terra?

Hjortejakta var god i år, kanskje ikkje rart ettersom jaktmetodane stadig utviklar seg. Påkøyrde hjortar har med eitt vorte med i andre sine fellingstal, og skytehyttene er stadig meir avanserte. Det siste er ein biltilhengjar med skytehol i kvar ende. Fosterstilling har teke over for skytestilling - utan at me i nemnda heilt skjønar korleis det vert felt dyr på ein slik måte. Forresten, det vart det vel heller ikkje.

Det har også vorte køyrt i år. Om det ikkje vart nedbørsrekord, vart det i alle fall rekord i å ha førarkortet kortast mogleg tid. Ni timar tok det, frå unghynen fekk det etterlengta provet på gode køyreferdigheiter, til onkel politi med laser drog det inn. Kanskje er det greitt at sjåføren får ut all adrenalinen med å spasere eit par år til?

Ja dette er nok typisk for den greinalause ungdomen i Hjørundfjorden no for tida. Heldigvis er det ein del av oss vaksne som er sitt ansvar bevist og meir enn gjerne legg ut om desse håplause,-- stadig vekk,-- antan det gjeld bilkøyring lediggang, eller annan elendigheit.

Men eg vert litt usikker når dagens bestefarsgenerasjon stig fram frå gløymsla i langtidsminnet, som vert meir framtredande etter kvart.--- Ja, der er dei! --- på sleip grusveg, med holer,vaskebrett, lausgrus og teleløysing av ein slik dimensjon at trysetbøndene kunne ha sett poteter der gulestripa er no. Beltebruk og overlast var fyord. Dei tøffaste hade velutvikla lårmusklar på gasspedalsida, etter jamn bruk i gamle utrangerte opelar og volvoar. Nei her er eg redd for at dagens ungdom kjem til kort. Og dessutan, det er tydeleg futt i den godt vaksne garde enno, sjå berre dei to som greidde å knuske ein bil og ein traktorhengar i den mest kjende svingen på vegen til Ørsta. Hadde dei fått betre tid på seg hadde dei sikkert greidt traktoren ogso!

Nei godtfolk, lat oss halde fram med å formane dei unge mot villmannskøyring, lat oss fortelje dei at erfaringa syner,at ei eller anna form for utdaning kan løne seg, men, lat oss slutte med alt for harde domar. Det vert folk av dei fleste. Fram for noko anna treng Hjørundfjorden ungdom som trivst so godt at dei vil bu her, drive med noko, og vere med på å snu flyttestraumen.

Det var so vidt nemnt her i starten, at våpen er ei farleg sak. Difor er oppmodinga frå oss: Etter festen er ferdig i dag, går de rett heim att.

Ha ei framleis god jul, og eit godt nytt år.