Dei fleste frå Bondalen kjenner nissemakaren frå Kvia på Årset, som held oss i spenning kvar dag no føre jul med sine vanskelege oppgåver på portalen. Men Hjørundfjordportalen rekk lenger enn Bondalen så for at alle skal få verte kjente med denne mannen så har vi sjølvsagt kontakta nissemakaren, og fått svar på ein del spørsmål som vi reknar med folk lurer på.

Kvia på Årset desember 07
Garden Kvia på Årset, i Bondalen, med Årsethornet bak. Her er Kjell-Johan sin barndomsheim. Foreldra Inge og Judit bur her i dag og ventar på besøk i jula frå Haugesund.(Foto K.Hustad i dag)

Kjell-Johan Aarseth er namnet, han er 34 år og bur i Haugesund og han jobbar som webutviklar i Hatteland Computer. Han er gift og har ei dotter på snart 2 år. Midt i jule strevet med nissekonkurranse her på portalen held han også på å byggje nytt hus, og skal straks i gong med det innvendige arbeidet.

Kjell-Johan og Jenny
Kjell-Johan og dottera Jenny heime i stova i Haugesund- i Nissesentralen. 

 

Men korleis kom du på at du skulle lage nissekonkurranse Kjell-Johan?

Ideen til nissekonkurransen kom tilfeldig då eg tenkte at ein portal av hjorundfjord.no sitt kaliber måtte ha ein julekalender. Ein "kven er nissen"-konkurranse måtte vere midt i blinken for folket i Hjørundfjorden, noko det har vist seg å vere. Formålet i fjor var vel først og fremst å skape litt engasjement samt å få folk til å registrere seg på portalen, og nissekonkurrasnen har vel bidratt i så måte. Kanskje mange av dei nye som har vore med og tippa no kjem til å skrive artiklar også?

Har hjorundfjord.no sine brukarar vore flinkare å løyse oppgåva enn kva du venta?

Eg må eg seie eg er mektig imponert over at folk klarar å avsløre nissane såpass kjapt. Eg har måtta lagt ei vanskelegare linje etterkvart, men det som er utfordringa er å vite kva som er ei vanskleg eller lett oppgåve. Dei gongane eg trur sjølv at det vil vere vanskeleg har folk tippa rett etter berre nokre minutt, medan når eg sjølv trur at nissen vil bli avslørt kjapt, kan det ta heile dagen før nokon finn svaret.

Korleis i allverden får du tid til dette nissearbeidet når det endåtil har husbygging pågong?

Å lage til oppgåvene er ikkje så tidkrevande, då eg jobbar ein del med bildebehandling til dagleg, men det er å finne dei beste kandidatane til oppgåvene som kan vere vrient. Det har jo etter kvart vorte eit meget stort bidearkiv på portalen, men det er mange bilete som ikkje passar så godt i nissemaska, av ulike årsaker. T.d lav oppløysing, for lang avstand osv. Eller rett og slett at karaktertrekka i ansiktet gjer at det vert for opplagt kven som er nissen.

Kva er den den ultimate oppgåva?

Det eg prøver å leite etter er en person som det ikkje er så lett å bedømme verken alder eller kjønn, då kan det kome mange kreative forslag, men som sagt ikkje alltid lett å lage til den ultimate nisseoppgåva.
Ellers er det jo kjekt at det foreløpig er mange som kjempar om premiane, og at spenninga er der heilt fram til julaftan. Skal ikkje sjå vekk i frå at Hjørundfjordingane sit klistra til pc´en når jula skal ringast inn...

Og når jula ringer inn, kan vi finne deg på Kvia på Årset då?

 Ja i år skal vi feire jul heime med familien min i Bondalen.

 

Ja då er saka klar. Då skal du sjølvsagt dele ut premiane på 3.dagsjulefesten på Grendahuset!

Det skulle eg gjerne ha gjort, men pliktene kallar i Haugesund, så vi må nok reise på 2.juledag.

Det var no litt synd det då Kjell-Johan, at ikkje folk får helse på deg på julefesten, for alle som les portal føler eit lite familieband til deg etter desse hyggjelege dagane føre jul.

Men avtalen var klar, Kjell-Johan skulle gjere arbeidet med å legge ut nisseoppgåve kvar dag, og vere poengdommar, og vi i portalen skulle skaffe premiar og administrere konkurransen. Ingen i portalen skulle heller ha noko anelse om kva slags bilete som skal brukast, eller få noko slags insideinformasjon. Dette var ein grei avtale som vi ikkje har noko problem med å godta, og dermed er vi kontaktpersonane likestilt med alle andre brukarar.

Det er tydeleg at brukarane set pris på konkurransen og på vegne av dei som ikkje vil takke sjølv gjennom ein kommentar, så takker vi her Kjell-Johan, på vegne av portalen for hans bidrag til å lage julestemning. Portalen har fått ein stor giv etter dette og  vi håper at det vert noko folk kan gle seg til kvar jul  framover.

Oppgåva vår var å skaffe premier og det har vi gjordt. Hjørundfjordportalen er ikkje noko bemidla føretak så vi måtte ut å spørje etter sponsorar Etter ei runde med Ose & Aarseth, Tussa og Sparebank1 har vi fått tak i flotte premiar. Desse tre har uttrykt at dei er imponert over Hjørundfjordportalen og synest at julekalendaren er eit flott tiltak, som dei gjerne vil støtte med å gje premiar. Som tilbakeytelse så har dei fått anonnseplass med oss, og vi er svært takksame for gåvene.

Vi må ha eit lite møte i styret(kontaktpersonane) om korleis vi skal fordele premiane, men eg kan opplyse her, at fyrstepremien vil ha ein verdi rundt kr.1000,-  Det skal også verte fine  2.og 3.premiar.

Ingen er kåra som vinnarkandidat ennå, så det er berre å stå på, dette vert spennande. Vi ser fram til den 24.desember.

 Ivar Svein Mo