Ungdom i alderen 16-20 år kan nytte seg av den nye rabattordninga ”Kulturkort for ungdom”. På kinoane gjeld rabatten frå fylte 15 år.
Ved å vise legitimasjon gir kinoar, kulturhus og ei lang rekke kulturformidlarar rabatt i billettluka.
Med tilbodet om rabatterte billettar vil ungdom kunne delta på kulturarrangement i større grad enn før – til glede både for dei unge, og for kulturlivet i fylket som får auka publikumstal.
Med satsinga på ”Ungdomskortet” for kollektivtrafikk og på ”Kulturkort for ungdom”, er målet å  auke trivselen for ungdom i fylket.
Dette er tiltak i tråd med Møre og Romsdal fylke sin strategiplan om å satse på ungdommen.
Ungdomspanelet har vore medspelarar i arbeidet med å få ordninga på plass.  Difor har Møre og Romsdal fylke vald å bruke UNG i Møre og Romsdal sitt design, samt å bruke nettsidene til UNG for informasjon om tiltaket. (www.UNGweb.no)
Ordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Møre og Romsdal fylke gjennom Kulturavdelinga, Utdanningsavdelinga og Regional- og næringsavdelinga.
Kulturrabatten for ungdom utgjer vel ein million kroner, og vert finansiert av Kultur- og Kirkedepartementet (500.000) og Møre og Romsdal fylke (600.000). 
Statsråd Trond Giske offentleggjorde at Møre og Romsdal blei med i prøveprosjektet då han var i Molde tidleg i september, og Kulturavdelinga i fylket har stått for det praktiske.
- Møre og Romsdal fylke har valt å organisere ordninga minst muleg byråkratisk. Det vert ingen eigenandel, ingen søknadsprosedyrer eller fysiske kort. Med låg terskel trur vi fleire vil nytte seg av ordninga, seier rådgivar Hege Gagnat ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke.
Institusjonar, arrangørar og kommunar er inviterte til å delta i ordninga. Mange har allereie teikna seg, og nye vert fortløpande lagde til lista. Arrangørar og institusjonarsom ikkje har fått invitasjon, og som ønskjer å knytte seg til ordninga, kan ta kontakt med Kulturavdelinga.
(06.12.2007)
Kontaktpersonar