Folk oppdagar meir og meir verdien av å gå på juletrehogst i skogen sjølv ilag med familien, og John Åge og Janne Solhaug fører denne tradisjonen vidare, slik det har vore på garden.

Blånissar i lag med far og mor og Sondre
Sondre Mo, Jo Martin,pappa John Åge, Andreas og mor Janne.

For dei som ikkje er lokalkjende så ligg Holane fremst og nederst på Kvistad. Her bur to små Blånissar ilag med foreldra sine. Desse to er så små endå at dei ikkje får gå inn i marka i Kvistaddalen utan foreldra er med, og når juletreet skulle hentast i år så fekk vi andre vere med å sjå korleis dei oppførte seg.

Blånissane i lag med mor
Jo Martin(5år), Andreas(3år) og mamma Janne, har fått saga ned det fyrste treet.

Då desse to kom i skogen følte dei seg heime og spratt rundt.(det er no her nissane trivst best) Å ta bilete og samtidigt få med ansiktet på begge var nærast uråd, men enkelte gongar så lukkast det. Far John Åge og mor Janne storkosa seg i lag med desse to, og veret var utruleg flott med skaresnø. Det kunne kanskje vore litt meir julestemning viss det var lavskog og ein halv meter snø, men vi kan ikkje få alt.

Jula 2007 blånissar
Trea står fint og det er viktig med litt vedlikehaldshogst. Blånissen sprett rundt.

20071222_1263
Vi skulle hente to tre, og det gjekk svært greit denne fine Desemberdagen og når trea var blinka ut tidlegare, så var jobben grei. Småkarane fekk sage sjølve, men når treet begynte å knipe på saga, måtte nok far hjelpe til.

Blånissane er ferdige med hogsten
Janne, Jo Martin, Andreas og Sondre på veg heim med treet.

Det var ikkje hesten denne gongen
Trea vart  ikkje frakta heim med hest denne gongen.

Vi som fekk vere med (Sondre og Ivar) ynskjer våre gode naboar på Holane og dei andre på Kvistad ei god jul.