Julenissen på Sæbøneset Det var spennande for borna å feire julafta på Sæbøneset for fyrste gong, og endå meir spennande vart det då vi høyrde bankelydar på verandaen utanfor huset…. Gjennom vindauga kunne vi sjå sjølvaste julenissen komme stavrande. Kjem han til oss?! Hmmm…JA!

Det viste seg at nissen gjerne ville kome inn og kvile seg ei stund. Han hadde nemleg gått heilt frå Olavshola, fortalde han. Dette var noko nytt! Ikkje visste vel vi at julenissen bur i Olavshola, og kjem på besøk til snille barn på julafta! ( i Ørsta brukte vi å
reise fram til ein låve på Ose, og lokke fram ein fjøsnisse som budde der)
Julenissen frå Olavshola hadde med seg gåver til borna, og var ein triveleg kar, synest dei. Godteri var det òg i sekken. Dei meinte dei hadde vore snille, og tok imot pakken dei fekk……

Borna har snakka mykje om nissen i ettertid, og sjølv om dei påstår at dei veit at det berre er nokon som har kledd seg ut, har dei inga forklaring på kven det kan ha vore…. Merkelege greier, ja.
Dette var ei fin oppleving, som Eirik og Thea vil hugse lenge. (Eldstebror Jon Einar har funne ut kven som var nissen for leeenge sidan…men kjekt var det nok likevel… ) Tusen takk til den flinke julenissen! (Håpar vi får tinge deg neste år òg…:-D)
hum.. (30.12.2007 kl. 17:05)
ej me såg nissen på sæbøneset. han såg ut til å ver svært dårli til beins der han gjekk.stav å greier!
Kay Are Urkegjerde
TAKK (27.12.2007 kl. 01:19)
Nissen kom også innom til oss på veien,kjekt:)Ho minste i huset vart litt usikker når han sa han budde i Olavshola.Ho lova han å sjå godt etter om ho såg han neste gong ho skulle i Olavshola.Tusen tusen takk til nissen for i år,å me håpe me ser han neste år også:)
Wenche Strand
(26.12.2007 kl. 21:36)
Spennandes med nissebesøk, ser ut som ein dugandes ein de har der.
Her på Aklestad kom fyrst fjøsnissen lisjejulafta med poteter og rabbe. Julafta kom julenissen. Fjøsnissen var temmelig uventa, men stor stas for både store og små :-) Julenissen vart nok avslørt av dei håpefulle men like stor stas!
Gerd Sofie Langvatn
Eg kjenner att nissen! (26.12.2007 kl. 00:11)
For denne kjekke karen fekk vi besøk av på Solstrand også på julekvelden. Han var riktig triveleg og hadde presangar til både små og store. Verken Kristian eller Vegard har funne ut kven som var bak nissemaska, men Kristian meiner at det ikkje var ein ekte nisse. For han brukar ikkje briller.
Vi også håper å sjå han att...., kanskje neste år??????
Siw Lillebø