JULEHELSING FRÅ MEXICOGULFEN  Vel, då er det snart jul igjen, og om bord M\V” Skandi Neptune” begynne det også så smått å bere preg av det. Ein del av julematen kom med ein supplybåt  her om dagen, pinnekjøtt og anna norsk tradisjonsmat vart teke om bord i Norge før båten starta seilasen over Atlanteren. Snart leitar byssegjengen fram kassene med julepynt, juledukar, dekorasjonar og det som ellers høyrer jula til, mens vi andre går våre vakter. Jule-afta vert sikkert som andre dagar, bortsett frå lukta av pinnekjøttet i gangane og at dei fleste finn fram ei litt finare skjorte og bukse til Jule- middagen. I byssa spelar fillipinerane Hanne Kroghs Jule-cd så julestemninga er til stades her også

Maten  om bord er utruleg bra, faktisk farlig bra for folk utrusta med appetitt litt over gjennomsnittet, og det er no diverre eg. Stuerten var ute og vifta med Julemenyen og berre for å ha sagt det der mangla det ingen ting anna enn flytande tilbehør då, men det vart det slutt på for mange år sidan på denne type båtar.

Vi kom om bord den 12 des etter nokre timar på reisefot og  litt kvile på eitt hotell i New Orleans. Etter ein biltur på 2 timar var vi framme ved helikopterterminalen.  Turen ut til båten tok ca 45 min denne gongen. New Orleans har enno tydlige merker etter orkanen og overfløymingane som herja der i fjor. Mykje rotvelte tre, raserte hus og kraftledningar i vasar som minner mest om ormebol. Her hadde det vore arbeid for stolpegjengen til Tussa i langsameleg tid. Lure på kvifor dei ikkje grev ned noke av kablane sine, det burde vore fult mogeleg i 2007.Der var mykje folk i arbeid med å sette opp nye stolpar og linjer parallelt med  det som låg velta. Og det nye fer vel kanskje alt  til hausten, for då er det ny sesong for orkanar.

Såg på portalen at der var  oppblåsbar snømann med lys i på Ner-Saure. Over here ser dei kanskje litt større på ting, på veg til helikopterterminalen oppserverte vi opp til fleire lysande snømannsfamiliar i hagane Mann, kone og opp til fleire ungar og sjølvsagt ein og annan kunstig raudnasa Rudolf med nisse på sleden, pynta slik berre Amerikanerar kan pynte. Mykje lys i mange fargar, sikkert kobla saman med CD-spelar slik at lysa blinka i takt med musikken. I all fall var der  rytme i blinkinga. Og rytmer er det mykje av i New Orleans.

Vi er to  kranførarar om bord som går 12 timers vakter. Krana  kan løfte 140 tonn, og då må det være solide saker det vi løfter med, kranewiren på hovedvinsja er 72mm i diameter og kroken veg 1,5 tonn. Det  meste eg har hatt i kroken er 85-90 tonn. Krana har også ei mindre vinsj der er wiren 32 mm og med den kan vi løfte 10 tonn. Den er også utstyrt med noko som vert kalla aktiv hivkompensering. Dvs. at den held hivet i same posisjon sjølv om båten går opp og ned i bølgene.  Sensoren som bestemmer kor mykje vinsja skal slakke eller hive for å holde hivet i ro er plassert i bomtuppen, og vert på fagspråket kalla ein MRU.(Motion registration unit )eller på godt norsk ein bevegelsesensor. Her vi ligg no er det ca 1700 m djupt så det tek litt tid når hiv skal til og frå botnen. Ca 20 min kvar veg. Alle hiv som går mot sjøbotnen er utstyrte med spesielle krokar, rov-krokar som er konstruerte slik at dei fjernstyrte undervannsbåtane ROV-ane lett kan huke dei av og på. Rett opp om krankroken vert det oftast festa på ein radiosender (Transponder) slik at dei som opererer ROV-ane nøyaktig veit kvar hivet befinne seg.

No held vi på med høgtrykkspyling av nokre rørleidningar, før dei skal takast i bruk til produksjon. Riggen skal visst være ein av verdens største flytande produksjonsriggar, den heiter Thunder Horse og er driven av BP Det kan bli mykje venting når vi er nede på botnen med krankroken. Vi ligg så langt frå land at det vert litt dårlege FM- signal på radioen, men eg har no funne tak i nokre stasjonar som stort sett sender musikk. Det vert litt mykje gingelbells og White cristmas for tida, her ei natt spelte dei  gingelbells for ente gong så eg skifta kanal. Kva  trur dokke dei spelte der då? Jau, nettopp Gingelbells, og på den neste White Cristmas med Bing Crossby. Ikkje slik å forstå at eg ikkje likar Julemusikk, men har eit inntrykk av at her skal det være mykje av alt, og for meg vert det i all fall for mykje.

Akkurat no er vi ca 8o personar om bord, og det er ei blanding av mange nasjonalitetar. Vi har   kanadiere, engelskmenn, skottar,irar, amerikanere, polakker, fillipinere,  1 japaneser og 8 nordmenn om bord.  Så vi kan vel trygt kalle miljøet internasjonalt, og arbeidsspråket må då nødvendigvis verte engelsk, med innslag av div.  sjangere.  

Vil ynskje alle  God Jul og Godt Nytt År

Helsing Nils Aklestad