Grana vart planta like før jul (!) for om lag 25 år sidan. Om det var meininga at den skulle røte seg, eller om den berre aldri vart teken opp att veit eg ikkje, men den sto der og hangla i to år seier svigermor Jorunn Mo. Så sette den i å vekse og vart etter kvart stor og fin.

 

Den eine lyslenkja dei starta med måtte etter kvart bli to og etter som grana vaks måtte endå fleire lenkjer til.

Grana er flott å sjå frå riksvegen, men i år har til og med Jørund innsett at dette må verte siste gongen han pyntar den. For å nå opp i øvste delen av grana sette han i hop to stigar på 6 og 5 meter. På nedsida av grana er der ei bratt skråning og sikkert ikkje spesielt triveleg å stå og vagle.

 

Som ungar flest likar ikkje ungane våre store endringar, men etter å ha godtatt at dette vert siste året med stort juletre oppe hos Bestemor bestemte dei seg for å arrangere si eiga lille julegrantenning. Naboungane vart varsla og kl. 18.30 presis samla dei seg for å tenne lys i grana.

Julegrantenning 008

Yngstemann Eskil hadde det godt og varmt i det kalde veret.

Tende lys

Dette skulle vere ei skikkeleg markering og etter at lysa var tende vart dei einige om juletregang.

Snart går vi rundt om...

Det tek litt tid å samle i hop, men då alle var klar gjekk vi rundt treet og song eit par songar. "Du grøne glitrande tre..." var sjølvsagt.  

 

Ungane på Villane

Sjølv om vi var mange ungar og nokre vaksne nådde vi ikkje heilt rundt grana.

Saft

Pepperkaker og varm saft på stabburstrappa til Bestemor.

 

Det vert nok juletre hos Jorunn på Villane neste år også, men det skal vere eit som er nyplanta og ikkje større enn at ei lyslenkje er nok.

 

Ein liten Quiz? 

Mange lurer på kor mange lys Jørund har hatt i treet. Dei er jamt og fint fordelt i år...

 

Kan hende har Trysetnissen ein liten marsipangris til den som først klarer å gjette riktig.

(Nei, Jorunn og gutane våre veit det ikkje så det er inga hjelp i å spørje dei;)