Kl. 19.00 på 3.juledag - 27.desember er folk velkomne til Julefest på Grendahuset.Den fyrste timen er tenkt som eit romjulstreff, der folk kan finne seg plassar og å helse god jul på kvarandre. Nemnda har fått på plass og pynta juletreet og det er Per Sverre Myrhol som har høgt og gjeve treet til Grendahuset. hjorundfjord.no møtte i går kveld rolege og trygge festnemnd leiararar- leiar Lars Petter Strandmann og nerstleiar Gunnhild Slettedal som meinte dei hadde alt under kontroll. Dei offentlege løyva for å halde eit slikt slutta lag, var i hamn, og alt ligg no til rette for ein triveleg julefest.

Sjefane går igjennom det siste
Gunnhild Slettedal og Lars-Petter Strandmann går i gjennom den siste finpussen. 

Program
Presis Kl.20.00 tek sjefen sjølv over som programleiar, - Lars Petter Strandmann, og då er programmet i gong. Her vert det frå dikt til gåter, med opplesing av lagsbok, bildeframsyning i korte sekvensar der vi kan få sjå forskjellige blinkskot frå den tida folk kjenner seg att. Det skal ikkje verte for gamle eller for nye bilder lovar Strandmann.

Ungdomslaget skal i god tradisjon dele ut "Årets bondaling" som er ein årleg begivenheit på 3.dags festen. Det har heller ikkje i år mangla på kandidatar. Dette er ei topphemmeleg sak, kven som er prismottakar og hjorundfjord.no har fått ut litt informasjon av ungdomslaget at kandidaten er kontakta, og det ser ut som at vedkomande aksepterer heiderstittelen og vil ta i mot prisen på festen. Vi andre må berre smørje oss med tolmod til den store kvelden. For den som ikkje kjenner til denne prisen er dette ein heider til den som gjennom året har gjort ein frivillig innsats til bygdas beste.

Lagsboka er ei spanande sak og her er det nok einkvan som kjenner att hendingane frå tidlegare i år, og det er berre å vente på reaksjonane som kjem, men ei samla nemnd står bak, så det er mange å "ta" dersom noko skulle ha behov for det. Etter erfaring så har det gått bra tidlegare år, og det er forsiktige folk som har dette oppdraget i år også, så her er lite å frykte, skulle ein tru.

Men lagsboka er ikkje det einaste innslaget som kan vekkje merksemd, for i år kjem ungdomslaget med den nystarta teatergruppa og her skal det visast fram lokalt stoff, og noko meir har vi ikkje fått utav dei. Her er det 6-8 personar som har laga innslaga, og etter revy kurset med Mads Ryste, som ein kjenner frå Hovde revyen, kan ein vente seg litt av kvart. Dei har kjempestore ambisjonar, seier Lars Petter Strandmann, og det er det einaste han veit! Øvingane har ikkje vore ilag med nemnda, så vi veit ikkje ein gong kven som er med, seier han. Han legg til at han vil håpe at han ikkje kjem heilt utav det, som programleiar, etter dei er ferdige.

hjorundfjord.no har også fått litt tid i programmet, og skal dele ut 1.premien på den flotte julenissekonkurransen som er på gong på Hjørundfjordportalen og er laga og dreven av Kjell- Johan Aarseth. Dette håper vi skal verte ein årleg tradisjon for oss også. Vi skal prøve å gjere stor stas på vinnaren, men vi reknar med at det kan verte knapt med tid då programmet er fullpakka, og skal avsluttast med å vise fram og takke årets nemnd. Tilslutt kjem det,- opplesing av den komande nemnd for jula 2008.

 

Julefestnemnda 2007
Festnemnda 2007 er ferdig og strakst permitert før jul.

Middag
Kl. 21 er planen for å begynne å servere mat. Her skal det verte gryterett med tilbehør. Oksekjøtet er ferdigt steikt og klar, så maten vil sikkert smake like godt dette året som tidlegare. Det vert anledning å kjøpe øl og vin til maten.

Dans
Skulle dette gå nokonlunde tidsmessig, så er det klart for dans ca. kl.22.00 og då står Kile`s trio klar på sena. Trioen består av far Helge Kile(57) på gitar, og sønene Ronny(38)på keyboard og song, og Marius(26) også på gitar. hjorundfjord.no var i kontakt med Helge i går og ba om bilde av musikkarane.

Bilde kva vil de med det, var svaret, det he me ikkje, og legg de ut bilde av oss så kjem der ikkje folk.

Dette var no voldsom til beskjedenheit kommenterte vi då.

He de ikkje dreve med markedsføring sidan de he vorte ein slik populær trio då, sprude vi?

Nei vi har aldri gjort noko som helst, men vi hadde no tenk å lage ein plakat då, så kanskje seinare.

Dei starta i 1990 Helge og Ronny og når lissjeguten vaks til, fekk han vere med frå 95. Her er det ikkje snakk om ferdiginnspela musikk på boks, så vi tilpassar oss publikum på sparket, seier Helge til oss. Han opplyser at musikken består gode gamle "svisker" og vi tek valser og reinlendarar.

Her er det berre å kome med ynskje, så står desse karane til teneste for julefestgjestane.

Som ei avslutning i møte i går kveld som vi hadde med festnemndleiinga, så garanterar Lars Petter og Gunnhild at dei skal passe på musikkarane dersom dei spelar for høgt. Vi skal også sjølvsagt gjere det som står i vår makt for at dette skal verte ein vellukka fest på alle måtar.

 
God jul til alle på hjorundfjord.no og vel møtt, helsar dei.

 
NB: I skrivande stund kl.18.00, har Bellingen att ca.25 bilettar. Prisen er  kr.200 pr.stk.

 

Vi ser litt tilbake på festen i fjor 2006: 

Julefesten 2006 middag
Middagen er over og praten går.

Julefesten 2006 folk kosar seg
Vi ventar på dansen. 

Julefesten 2006 Børre og Åge spelar
Vi svinger oss i dansemusikken til Åge Nybø og Børre Lødemel.

Julefesten 2006 dansen er i gong
Ingen tvil, folk kosar seg.

Nissemor bøter

God Jul 2007 

 

 Ivar Svein Mo