JULEFEST PÅ BONDALEN GRENDAHUS TORSDAG 27. DESEMBER 07 (3. JULEDAG)
Festkomiteen har gleda av å ynskje bygdefolket velkomne til eit triveleg lag.
Dørene opnar kl. 19.00
Programmet startar kl. 20.00 – PRESIS
På programmet har vi:
ÅRSKAVALKADE
ÅRETS BONDALING
BFUL TEATERGRUPPE
BILETFRAMSYNING FRÅ BONDALEN
Meny: gryteRETT m/tilbehør
Open bar frå kl. 19.00 (stengt under programmet)
Etter maten svingar vi oss til musikk frå KILE´S
Inngangsbillett: kr 200
Aldersgrense: 10. klasse
BINDANDE PÅMELDING innan 17. desember på tlf. 70 04 02 80 (Bellingen).
Billettane må hentast 18.- 20. des. Uavhenta billettar blir selde.
Festkomiteen 2007
Kommentarar
10 klasse er no 16 år.
Kontroll kan man få når man minst venter det.
Kvifor selge øl så dei på 15 ikkje får komme?
På same måte som at du kan ta med unger på resturant og likevel få en liten jeger til dessert.
Har man ikkje sjenkeløyve må dørene vere lukket.
Privat selskap uten sjenkeløyve har lov å gi folk drinker men har ikkje lov å ta betaling.
Løyve til å selge jeger får man uansett ikkje i Ørsta.
Ikkje alle serveringsplasser med faste løyve får lov til å selge brennevin heller.
Ørsta skal i 2007 _2008 lage nye alkoholplan.
Det blir i vert fall ikkje letter å få løyve nå med det nye styret.
Frp hadde en mykje opnere politikk angående alkohol.
At folk har adgong å kjøpe vin og øl på festen har resultert i at det er ingen eller få som har noko med på lomma og det har ikkje vore problem med alkohol.
La oss fokusere på den sosiale gleda det er å møte folk i jula og ikkje mørkleggje dette med skjenkeløyve problematikk.
Vi ser fram til ein kjekk fest denne jula også. Eg ynskjer nemnda lukke til med arbeidet.
Bra nokon er talerør for dei fleire i vert fall.
Når folk svarer i Møre Nytt bør også folk bruke navn.
Det er så mykje lettere å ta en prat med folk då når du treff dei.
Då kan det bli en god diskusjon og man kan gi greie svar .
I siste runde er det vel Bondalen Frilnde Ungdomslag som stend som ansvarleg for arrangementet.
Og ein kan tenkje, tru og meine kva ein vil i saka.
MEN det er ei alkohollov i dette landet, og den gjeld også på 3.dags festar. Dei som tenkjer at det gjeng då vel for #%& and å gjere noko utan all denne gnålinga har sjølvsagt rett. Det er faktisk ikkje noko tema.
Lova gjeld og om det ikkje vert overhalde og det vert kontroll så kan det koste dyrt. Dei som tvilar på meg kan snakke med Berit og Jon Uregjerde. Dei hadde som kjent bryllup utan skjenkeløyve.... (er Tehrese som leiar av BFUL villig til å ta den belastninga?)
Ein ansvarleg frå komiteen må ta kontak med kommunen og få inn søknaden om ambulerande løyve snarast. Truleg ligg søknadsskjema på nett, og det er bere å fylle ut. Reglane vil ein og få i same slengen.
Dei som meiner det er berre tull får vel heller være dei første som bidreg om det vert ei bot då....
Eg har sjølv vore i komiteen og veit kor mykje arbeid som er lagt ned for at alle skal få ein kjekk fest, og kor leit det er å berre få kritikk. Derfor er ikkje innlegget mitt meint som kritikk til arrangemntskomiteen, men ei faktaopplysning frå ei med vidareutdannelse i rus og avhengighetsproblematikk, og som har arbeidd som sakshandsamar i alkoholsaker......
HA EIN FIN 3.DAGS FEST - med ambulerande sjenkeløyve og papira i orden :-)
2) Alle tredjedagarsfestar der det har vorte servert øl og vin, har hatt skjenkjeløyve. Altså i lovlege former.
3) Det vert ikkje gjeve ambulerande løyve for brennevin, og brennevin har heller aldri vorte servert på tredjedagsfesten.
Shaken, not stired.
I dag er de tilfeldige møteplassene borte, og erstattet med sosialt samvær i lag og organisasjoner. Julefesten er en av de få "tilfeldige" møteplassene vi har igjen i Bondalen. Ta derfor godt vare på den, bruk den, og ikke minst,- skriv godt om den!!!
Lykke til kjære festkomite!!!