Grunnen til denne etterlysinga, er at vi er litt usikre på om vi har heilt rett tekst og om det er fleire vers i songen?  Vidare kven som kan ha skrive den?
Songen har vi sunge tostemt på Vinjevoll kvar jul sidan 1930, då farfar min starta som bureisar her.

Han hadde med songen heimanfrå Store-Standal, der han vart fødd i 1890. På Store-Standal var det tradisjon kvar julekveld at ungdomane samla seg og gjekk frå hus til hus og song julesongar.   Borna hadde sitt eige "kor".   Dette seier far min Karstein, etter sin far Knut Ragnvald. Kor gamal denne tradisjonen er veit eg ikkje, men den var i alle fall i gong på slutten av 1800-talet og heldt fram til slutten på 1920-talet.  Etter kvart døydde tradisjonen ut.

 
Far min har snakka og sunge til fleire eldre hjørundfjordingar i håp om at dei kjenner til songen, men utan hell.

Med dette utspelet håper eg at einkvan andre kjenner til songen og veit meir om bakgrunnen til at den vart til?

 

”Som en Guds gave kjær”julesang2

 (eigen tone, sjå vedlegg)

 
Som en Guds gave kjær
en sønn oss given er
den Herre Krist
som blev i krybben lagt
for uten kongeprakt
men offeret ble brakt
for verdens synd.

 
En engleskare kom
og brakte budskap om
den Herre Krist
som blev hin fødselsnatt
da stjernen hist blev satt
og engler sang så bratt
for verdens synd

 
Lad oss på englevis
ham bringe lov og pris
den Herre Krist
hans navn er yndelig
og rikt og nådelig
som tror og har ham kjær
den Herre Krist

 

 

 

 

På vedlegget her har sonTorgeir  Hovden Standal laga eit noteoppsett på melodien.(dobbelklikk på notebilete og forstørr opp)

Beste helsing

Knut Olav Standal

Bakkevegen 46, Vinjevoll, Ørsta

istanda(alfakr)online.no

tlf. 9085 1860