Det tradisjonelle årsskriftet, denne gongen nr. 29 i rekkja, innheld som vanleg svært mykje godt stoff.  Hovudtemaet for årsskriftet er også i år anna næringsverksemd enn det tradisjonelle jordbruket.  M.a. kan det nemnast at tre nye snikkarverkstadar har fått sine artiklar.  Vi får også vite meir om pelsdyrnæringa og pelsdyrnæringa sin gullalder.

Årsskrift 2007 (Large)

Frå Hjørundfjord - Årskrift nr. 29.

Årsskriftet  innheld også meir tradisjonelt stoff, t.d. Rune Sæbønes sin årsrevy.  Torbjørn Urke skriv i år det siste kapittelet om kaikulturen i Hjørundfjord.  Han avsluttar med Meierikaia i Ålesund.  Ein greier sikkert å lese heile innhaldslista om ein klikkar på kopien av sida under.

Innhald 2 (Large)

Årsskiftet er å få kjøpt i Sparebank 1 Volda og Ørsta sine lokale på Sæbø, på Bellingen same stad, i bokhandlane i Ørsta og Volda og den er også å få kjøpt i nokre bokhandlar i Ålesund.

Redaktøren av årsskiftet, Jarle Walseth, seier til hjorundfjord.no at han gjerne tek på seg oppgåva med å sende årsskriftet land og strand rundt.  Ta kontakt og ting boka på e-post:  jarle.walseth@tussa.com  Redaktøren signerer gjerne årsskriftet også om det er ynskjeleg.

Prisen er kr. 250,- inkl. frakt om du vil ha årsskriftet tilsendt.