Det tradisjonelle årsskriftet, denne gongen nr. 29 i rekkja, innheld som vanleg svært mykje godt stoff. Hovudtemaet for årsskriftet er også i år anna næringsverksemd enn det tradisjonelle jordbruket. M.a. kan det nemnast at tre nye snikkarverkstadar har fått sine artiklar. Vi får også vite meir om pelsdyrnæringa og pelsdyrnæringa sin gullalder.
Frå Hjørundfjord - Årskrift nr. 29.
Årsskriftet innheld også meir tradisjonelt stoff, t.d. Rune Sæbønes sin årsrevy. Torbjørn Urke skriv i år det siste kapittelet om kaikulturen i Hjørundfjord. Han avsluttar med Meierikaia i Ålesund. Ein greier sikkert å lese heile innhaldslista om ein klikkar på kopien av sida under.
Årsskiftet er å få kjøpt i Sparebank 1 Volda og Ørsta sine lokale på Sæbø, på Bellingen same stad, i bokhandlane i Ørsta og Volda og den er også å få kjøpt i nokre bokhandlar i Ålesund.
Redaktøren av årsskiftet, Jarle Walseth, seier til hjorundfjord.no at han gjerne tek på seg oppgåva med å sende årsskriftet land og strand rundt. Ta kontakt og ting boka på e-post: jarle.walseth@tussa.com Redaktøren signerer gjerne årsskriftet også om det er ynskjeleg.
Prisen er kr. 250,- inkl. frakt om du vil ha årsskriftet tilsendt.
Kommentarar
Lese meir får eg gjere i jula.
Har alltid våre kjekt å hjelpe til i sogelaget.
Mange kjekke dugnadsykter har det våre.
Eg har desverre fått alt for lite tid til å engasjere med i sogelaget siste åra.
Haukly og kulturarbeid tar all mi tid.
Takk til Sogelaget.