Den gongen hadde eg nettopp fylt 20 år. Eg hadde sjølvsagt i lag med alle andre som bodde der inga aning om at vi var inne i det siste normale året på denne staden som med stor sikkerheit hadde stått der sidan vikingtida.
Foto av Bjarne Riise ca.1954 av Synnøve Viddal på sykkel ned Pe bakken.Frå venstre Pehuset og løda. Lensmannshuset, Pestabburet, gamle Pe-stova. (riven i 1960). Simahuset, stabburet og løda. Taket av Larsaløda bak.
Risegarden. Flyfoto frå 1954.
Eg huskar godt flyet som krinsa lavt ikring. Sjeldan med fly så lavt. Den store versjonen viser at vi står på vegen uten at vi var klar over at det var fotografering dei dreiv på med.
Søndagsbørs ved Larsastabburet for 50 år sidan.
Frå venstre: Bjarne, Edvard og Rasmus Riise(Simagarden), Anders Hustadnes. Edvin og Ole Riise(Larsagarden). Guten er Bjørn Andreassen, son til Oddfrid frå Lensmannsgarden..
Risegarden, klemt saman mellom Korsafonna og Skondalsfonna, og med elva som avgrensing mot sør. Det måtte verte trangt mellom husa.
Det vi etterkvart merka mest , var riksvegen som gjekk midt igjennom, slik at Larsa og Simagarden låg på øvste sida. Dei andre låg på nedste sida.
Her er Rise sett frå vest. Frå v. Lensm.garasjen, Simahuset bak.. Så Larsahuset nær vegen. Pestabburet, Raudehuset, Lensmannshuset og Årsethhuset og løda nærast til h.
Årsetgutane er på ferie med "nye "bruktbilar. Magne med opel, Sigmund attmed sitt glis.
Trafikken var sjølvsagt langt mindre, men det tok til å verte ei plage. Det var nesten rart at det ikkje hende ulukker uten nedsett fartsgrense og med 30 cm mellom hovedtrappa vår og vegen. Døra til den trappa var ofte låst for sikkerheita si skuld. Og når vi var mindre var det ståande ordre om å bruke kjøkkentrappa.
'
Risegarden ca. 1955. Gamle Lensmannsfjøsen t.h. riven i 1959.
Pelsarhuset under takskifting i bakgrunnen (larsagarden). Hunden er i alle fall Larsabob.
Det var tett mellom husa og dermed eit tett samfunn der dei uskrevne lovene var like viktige som dei skrivne.
Ungane hadde stort sett fritt leide i alle husa. Unntaket var kanskje Pe garden som låg lengst vekk, og som sjølve ikkje hadde born i huset. Men vi var av og til på besøk der også. For dei likte at vi kom, men vi var kanskje litt meir forsiktige i oppførselen når vi var der.
Her leikar vi butikk i gamle Lensmannsfjøsen. frå v. Knut A. Holen, Kjell Arne Årseth, Arnhild Holen, Anny,Anne Berit og Knut Riise. I luka skimtar vi Arne og Martinus? Riise. Foto frå ca. 1958.
Arnhild Holen, Anne Berit, Anny og Martinus på onkel Jon sin Java.
Så kjem Andreas Holen med mjølkevogna og gjev seg attåt. Foto frå ca 1956, eigar Kjell Arne Årseth.
Risejentene på besøk i Årsethagen. F.v. Anne Berit, Anny og Mariann. foto frå ca. 1962. Eigar Kjell Arne Årseth
Kva ser dei på? Bak f.v. Leif Holen, Kjell Arne Årseth, Synnøve Viddal,
framme, Arnhild Holen, Anne Berit, Martinus og Anny Riise.
Frå ei jul i Årsetgarden i ca 1958. Eigar Kjell Arne Årseth
Stort sett dei same bodde der på gardane i mi tid. Berre i raudehuset i lensmannsgarden skifta det på leigebuarane. Dei eg hugsar best, naturleg nok var fam. Andreas Holen som pakta Lensmannsgarden frå 1954- 55. Og dei siste, fam. Knut og Elfrid Holen som bodde der heilt til 1967. Der heldt vi oss mykje, og dei fall godt inn i ”Risemiljøet”. Eg hugsar godt kor trist det var då dei flytta til Svelgen.
Mjølkebukken var ein viktig leikeplass. Og alle ungane hadde eit forhold til den. Her eit foto frå 1967? Frå v. Ivar Riise, (omkom i fonna).Eva Holen Mariann Riise. Roger Holen med vogna..
Ivar og Arill leikar ved Larsalødebrua før jul 1967. Dette biletet vart teke av ein amerikanar som var på besøk i Simagarden like før jul i 1967. Etter at han høyrde kva som hadde hendt 19. feb. året etter, fekk dei i Lensmannsgarden tilsendt biletet, som kanskje er det siste som vart teke av Ivar før han omkom.
Brørne Arill og Ivar frå Lensmannsgarden. Foto: Edvin Riise
Ivar Riise hadde ansvaret for flaskelammet våren 1967. Roger Holen ser på.
Samling i Larsagarden: f.v. Edvin, Edvard og Johan Riise. framme f.v. Mariann Riise, Roger Holen og Eva Holen. Foto: Knut Riise
Vi slår komb i Lensmannsgarden. Frå v, Knut Riise, Kjell Arne Årseth, Martinus Riise. Nærast, Mariann Riise. Lønna bak oss, står endå.Foto frå ca. 1964, Edvin Riise
Ved Lensmannsborstova: Knut og Anne Berit i mykravogna. Han far, Larsa-Johan gåande. Larsamerra og følet.
Foto: Ingebjørg Årseth
Det er rart å tenkje på at på alle desse gardane fanst det for eksempel berre 1 telefon. Den stod i gangen på lensmannsgarden og hadde nr. 8. Det var ikkje få gonger vi høyrde ropet frå tante Ragna: Telefooon! Og så kom ein eller annan springande gjennom garden og opp lensmannstrappa for å ta telefonen.Hjørdis Årseth stilte som gratis løfsebakar i lensmannsborstova til kvar jul som takk for bryet med telefonen.Når Pe- Kalla skulle bruke telefonen, så ba ho om at tante Ragna måtte stå i lag med henne i gangen. For ho syntes telefonen var så skræmande å bruke åleine.Bil fanst berre i Lensmannsgarden. Ingen hadde endå fått fjernsyn. Knut og Elfrid hadde fått fjernsyn før dei reiste. Men med Reinsfjell og Bremanger som næraste sendarar var det ikkje så frakt med biletkvaliteten.Men vi var ikkje opprådde. Nokre stader i dalen var det betre forhold, og der sat vi skara i tobakksrøyken og glodde.
Elles greidde vi oss godt med radioen.
Her er underteikna på viktigaste plassen i huset. Nemleg ved radioen.Foto Edvin Riise ca 1965
Frå Anny sin konfirmasjon i 1967. F.v. Jon , Knut, Ragna, Ivar, Karoline, ståande Anne Berit, Arill og Mariann, så Johan, Anny, Arne, Bjarne Hustadnes, Marie, Martinus med ryggen til. foto som vanleg Edvin. Alle utanom onkel Bjarne, har etternamn Riise.
Arill, Ivar, Anny, Anne Berit og Mariann.
Jula 1967 er ikkje så godt å skilje frå dei andre julene eg hadde opplevd til då. Tradisjonen tru var vi rundt på gardane. Frå vi var små var viktigaste turen ned i Pe- garden for å sjå på juletreet. Vi syntes det var stusseleg lite, berre ein knapp meter, og det stod alltid plassert på eit bord uti gangen. Dit gjekk vi ettermiddag, og det vanka både snop og neter. Og det kom sjølvsagt godt med, for vi var ikkje utskjemde med snop i tide og utide.
Ei tid for vi rundt på gardane seint på julekvelden og song kring juletrea. Men som 20 åring hadde eg meir tankane om å få unna jula så eg kunne kome meg til Ørsta. Der hadde eg så smått teke til å ”jage” etter ei jente som heitte Helga.
Siste julaftasteik i gamle Larsagarden er servert. f.v Karoline, Johan, Arne, Marie(bestemor), Knut, Anny og Mariann. foto Edvin Riise.
Besøk frå Lensmannsgarden. f.v. Martinus, Anne Berit (skjult) Knut og Arne.Ikkje snakk om å gå ut med ei sur pipe! foto Edvin Riise
I dagboka til onkel Jørgen har eg lese at julafta var det litt snø. 1.juledag var det – 8, og fint ver og fullsett kyrkje. 2. juledag var det synnavind og ishelle. Han var på Fredly på det som ein gong var ein populær julefest, men som tydelegvis hadde tapt seg. ”Lite folk og mykje bråk. Dårleg fest!! Skriv han.I Lensmannsgarden er det influensa som rår, og vi går litt ekstra stilt i dørene der. For onkel Jon har så vidt kome seg etter eit alvorleg hjarteinnfarkt.I Årsetgarden (no torsteingarden) har dei Amerikabesøk.Elles er det som vanleg. Hos oss er som alltid onkel Edvin heime i høgtidene. Og då er vi sikra foto frå denne jula også.
Ei jul som ingen kunne vite vart den siste .
Søndag på Årsettroppa: f.v. Svein(Dendi) Holen, Ole Arne Aklestad? Arne Riise, ukjent bak. og Roar Eide? Foto frå Larsaloftet Edvin Riise. Det er denne trappa som står att som minnesmerke.
40 år etter har vi vorte vane med at det ser slik ut. Men når eg går inn i det som har hendt så kjenner eg at det sit hardt i endå.
Evig eies kun det tapte, heiter det. Men ingen varer evig, og derfor skriv eg av og til om denne staden som ikkje lenger finns andre stadar enn i tankane til oss som levde der.
Eg vil legge inn fleire bilete seinare. Er det nokon som meinar at noko bør korrigerast eller supplerast så tek eg gjerne kommentarar eller mail på knut.riise@tussa.com
Det same gjeld om nokon har gode bilete, eller kjenner fotografen til nokon av bileta.
Knut Riise.
Kommentarar
Eg fekk tilsendt eit bilete som nok finst i huset, men når eg får det ferdig tilsendt, så legg eg det inn som det absolutt siste. For det er eit av dei beste og kjæraste!
Tusen takk for at du med din fine skrivemåte fekk fram gode barndomsminne. Kanskje skulle vi "ungane", som er igjen og vokste opp i Riisegarden ha treffast og utveksla hendingar frå kvardag og fest. Sikkert mykje lått, men også litt tårer.
Synnøve har nok rett i at der vi står i Årsetgarden, snakka vi inn julehelsingar på lydband til "tante Olga" i Amerika.
Du må gjerne skrive meir frå livet i Riisegarden, Larsa-Knut!