Kvart einaste år syntest Nils, Selma, Ingvald, Rolv, Alv og veslebrørne Johan og Knut at juletreet deira - det var det finaste i heile verda !                                                        Treet henta dei på Hjellen, der besteforeldra og småtantene budde i den varme stova, som var stinn av historier i tømmerveggane , der ho  stod høgt oppe på den grovt tilhogde gråsteinsmuren.Bestefaren, Hjelle- Ingebrigt med langt skjegg såg ut som ein ekte nissefar!Juletreet var ei stor einebærbusk, som hadde vokst seg smal og høgreist i den lune bakkehellinga.

 

Vel heime på Riise fann dei julepynten i det runde mørkeblå skrinet med gul og raud rosemaling på. Glitter, småfuglar og norske flagg. Frå søskenbarna i California hadde dei fått eit ørlite sølvblinkande Jesusbarn som låg  på sitt  mjuke leie i eit halvt valnøttskall, og blinkande oppheng med "ekte "glansbilde-englar med fargerike finkjolar på.Ferdig pynta og med levande lys var treet perfekt.

Faren hadde finstemt fela si for å spele slåttar og julemusikk

Så vert det litt småtøysete leik. Smågutane veltar juletreet.  Full fyr !  Vassbøtta fram, og treet er slokt. Dei får ikkje tenne det igjen !

Denne kvelden blei den mørke bakgrunnen for lyse og gladare julekveldar.

 Årviss dukkar dette spørsmålet opp:

-Har de høyrt om den gangen då smågutane velta juletreet ?. 

 (Frå "Nilsgarden "på Riise for nesten 90 år sidan.)