Kvart einaste år syntest Nils, Selma, Ingvald, Rolv, Alv og veslebrørne Johan og Knut at juletreet deira - det var det finaste i heile verda ! Treet henta dei på Hjellen, der besteforeldra og småtantene budde i den varme stova, som var stinn av historier i tømmerveggane , der ho stod høgt oppe på den grovt tilhogde gråsteinsmuren.Bestefaren, Hjelle- Ingebrigt med langt skjegg såg ut som ein ekte nissefar!Juletreet var ei stor einebærbusk, som hadde vokst seg smal og høgreist i den lune bakkehellinga.
Vel heime på Riise fann dei julepynten i det runde mørkeblå skrinet med gul og raud rosemaling på. Glitter, småfuglar og norske flagg. Frå søskenbarna i California hadde dei fått eit ørlite sølvblinkande Jesusbarn som låg på sitt mjuke leie i eit halvt valnøttskall, og blinkande oppheng med "ekte "glansbilde-englar med fargerike finkjolar på.Ferdig pynta og med levande lys var treet perfekt.
Faren hadde finstemt fela si for å spele slåttar og julemusikk
Så vert det litt småtøysete leik. Smågutane veltar juletreet. Full fyr ! Vassbøtta fram, og treet er slokt. Dei får ikkje tenne det igjen !
Denne kvelden blei den mørke bakgrunnen for lyse og gladare julekveldar.
Årviss dukkar dette spørsmålet opp:
-Har de høyrt om den gangen då smågutane velta juletreet ?.
(Frå "Nilsgarden "på Riise for nesten 90 år sidan.)
Kommentarar
Etterpå ble det hjemmet til sønnen Bernt og hans familie, Det er dem jeg har skrevet om. B.N. var smed.Selv når de flytta til Ålesund, betraktet han
Riise som sitt annet hjem. Senere ble det hytta til eldste sønnen Nils med familie...
Eit håp om at det finst bilete er at i 1892 hadde turistskipa begynt å gå inn fjorden og på desse skipa var der rike personar som hadde med seg fotograffar. Kanskje ein dag vil eit bilete dukke opp. Men å teikne den gamle buplassen er ikkje problem, når stova står på Hjellen og der finst opplysningar om kva som var der av andre hus. Tuftene kan ein sjå ennå. Ein flott plass.
Agnes Bjørke har snakka om huset på Hjellen.
Nilsgarden er vel ei anna stove.
Eg forstod ikkje heilt dette.
med minner fra Hjellen.Den heter - Når splintefylgja kom til bygdene våre.(s202).
I mars 2007 viste jeg noen malerier / finnes under skylstad artiklar Hvor er dette ? og Maleriet a Fjord Scene. Kan disse maleriene vise Høidalen?
Kunne det stemme med husene ? Var der kai ? Mannen som ror høyet over passer i hvertfall inn !