Det samlar Hjørundfjorden som ein region der innbyggarar, nyfikne og fråflytta kan følge med på kva som skjer i heimbygda si. Det kan være bygging av nytt fellesfjøs på Riise, bestigning av stadig brattare fjelltoppar eller idrettslaget sine unge talent. Dette er nyhende/artiklar som det er positivt og kjekt å lese om/fylgje med på.
Nokre gongar er det ikkje kjekt å logge seg inn på hjorundfjord.no. Det er når det kjem surmaga oppgulp fra negative sjeler i bygda og fjorden. Vi som kjem herifra kjenner ofte dei ”lokale forholda” og kan kjenne bakgrunnen for dei kommentarane som kjem. Livet går vidare, neste dag helsar ein likevel på kvarandre på Slettedal, Bellingen eller kvar det enn skal være.
Men kva den dagen då det sit eit par i fra f.eks Oslo,Nederland eller Langtvekkistan for den saks skuld, som er inne på tanken å kanskje busette seg i fjorden. Som gjerne vil starte med noko nytt her, ei ”sær” verksemd som vi aldri har sett eller høyrt om. Dei kjenner ikkje dei lokale forholda og les kun det som står her svart på kvitt. Tenkjer vi alltid over at faktisk heile verda kan lese smålige kommentarar, sure innlegg og spydigheiter?
Eg skal jo egentlig være den første til å innrømme at diskusjonane på portalen er artige, men i det lange løp så tvilar eg på at det har noke hensikt. Det er ikkje all reklame som er god reklame heller, sett litt på spissen. Eg synest det er noko vi bør tenke på, før vi engasjerer oss i debattar/diskusjoner med blanda hell……Er ikkje ein av meininga med portalen at vi ynskjer positivt engasjement i bygda? Støtte opp om kvarandre?
Kva kan kvar og ein av oss gjere for at fleire skal busetje seg i den flotte bygda vår? Eller for den del: hindre meir fraflytting? Først og fremst må alle mann/kvinner gå i seg sjølve for å få ei ”levandes” bygd.
-Er vi flinke til å støtte nærbutikkane?
-Er vi flinke til å få folk til å føle seg velkomne til bygda?
-Er vi flinke til å bruke tilboda vi har rett utanfor døra?
Ja, nokre er det, men ikkje alle, meg sjølv inkludert!
Eit eksempel på det siste..:
Eg har vel vore nokre gongar på hotellet på Sæbø i haust, men kvar er resten av bygdafolket?
Ein kan då ofte telle hjørundfjordfolket på ei hand.
Tilbodet ligg her, men kva den dagen det ikkje er her….Skal vi då klage på at; ”der er jo aldri folk….”
Må vi virkelig planlegge eitt år framover i tid for å ha det kjekt saman?
Merk: Eg brukar hotellet som eksempel her.
Eg seier ikkje at det går dårleg, berre for å understreke det!!! Takk til Trond og Marit for frisk og positiv satsning!
Det er so såre enkelt at ”folk dreg folk”
Dette gjeld i alle samenhengar alt i fra menigheter, bibliotek og til den brunaste pub.
Kva vil eg med denne artikkelen?
Eg er ingen rikssynser a la Kåre Willoch,og eg har heller ingen fasit, men er dessverre redd for at om vi ikkje legg om stilen litt på portalen, så kan den i verste fall være med på å begrense etableringslysta i Hjørundfjorden.
For det vil vi ikkje, vil vi vel?
Kommentarar
Nyheter og Artikler skal gi et ansikt utad og marketsføre hjørundfjorden og gi inspirasjon og motivasjon i hverdagen. Dette er jo et bydemobliseringstiltak for å få fram hjørundfjorden som en aktiv og atraktivt plass å bo og komme til.
Selv er jeg og min familie tilflyttere til hjørundfjorden og har opplevd mye de 10årene vi har vert her. Og prøver å trekke ut de positive tinga av det meste.
Kunsten er å gjøre om negativitet til positivitet. Og ikke ta seg selv allfor høytidelig i alle sammenhenger (tør å drite seg ut). Du og andre kan lære mye av det. ;)
•Det er i dag ca. ei halv stilling i dugnadsarbeid kvar dag, for å halde hjula igong, og det skal ikkje gå mange dagane med lite aktivitet før portalen er historie.
•Det er heilt rett at ikkje alle artiklar burde gå ann å kommentere og eit fåtal av nyhende. Dette vil vi løyse når nyeportalen er klar med at den som skriv kan velje om dei vil ha kommentar. Administrator kan også bestemme her.
•Administrator kan gå inn å slette kommentarar som ikkje høver, men vil vi at dette skal gjerast anna når usømeleg eller krenkjande omtale vert gjort?
•Artikkelforfattaren skriv:"Det samlar Hjørundfjorden som ein region der innbyggjarar, nyfikne og fråflytta kan følgje med på kva som skjer i heimbygda si" Det er svært viktig årsak til at bygdemobliseringa brukar så mykje resursar på portalen. Men kva med dei fråflytta å bidra med artiklar og stoff frå deira daglege opplevelsar då, så vi fastbuande kan få glede av?
•Diskusjonsforum hadde vi i begynnelsen, men ingen brukte det, og det vart vekkteke. Nytt diskusjonsforum er klart og vil kome med nyeportalen og vi håper då at det vert brukt til diskusjonar som ikkje har noko med artiklar å gjere. Vi har også ei gjestebok i dag som alle kan bruke utan å logge seg på, men der er lite aktivitet.
•Artikkelforfattaren stille mange spørsmål, men er kritisk til kommentarar så det vanskeleg å velje ut kva ein skal svare på. Eg er einige i at hotellet er svært viktig for oss og det har vore stille der dei seinare tid, men det ser svært positivt ut no når Trond og Marit har overteke. Her treng folk å få informasjon om kven dei er og kva dei har å tilby. På portalen kan vi lage hyggjelege nyhende om kven som spelar og kva som vert servert til enkelte dagar på hotellet. Dette er noko alle kan greie og ikkje berre vente på at andre skal gjere det. Hotellet har også sjølv eit ansvar å presentere seg slik folk vert betre kjent med vertskapet. Det er her svært viktig at vi brukar fine bilete for å nå fram bodskapen.
Håper vi kan vere i drift neste jul også, og at vi har mange fleire brukarar som bidreg med stoff. Kven vil ta på seg oppdraget å skrive om julefesten? Vi manglar stoff frå Norangsfjorden så her har vi ei oppgåve å kome igjennom. Kva veit vi om gartneriet på Urke og nærbutikken?
Ivar Svein Mo
Mange heftige diskusjoner har det våre.
Eg håper alle desse med meininger skriv inn til Portalen då eg ikkje kan skrive for andre sjølv om eg blir oppmoda om det.
Dei som driv Portalen er sikkert intrisert i dokka si meining slik at dei kan forandre Portalen etter dei ønska dere har.
Har dere ting dere ønsker Bygdemobliseringa skal jobbe med framover bør dere også gi dei oppgåver.
Dei meiningene eg får høyre på COOP i VOLDA bør dere også skrive inn til Hjørundfjordportalen Administrator