Eg tar vekk linken til eg får sjekke med forskning om eg får lov til å legge ut linken.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Den farlige julenatta
Har vi ennå overtru forbundet med jula og nyttår?
Nissen har vi i vert fall ennå men kva andre skikker trur vi på?
Før var det mange overtruer og skikker i jula og mot nyttår.
Det var den mørkeste tida og det var mykje mystik i denne tida.
Eg fant dette stykket og syntest det var mange overtruer før i tida som eg ikkje viste om.
Her kan du lese litt om overtruer og skikker før i juletida.
Du finn meir på nettet.
Søk på Google (Den farlige julnatta)
Eg tar vekk linken til eg får sjekke med forskning om eg får lov til å legge ut linken.
Kommentarar
Hjørundfjortalen må vere ope for eksternt stoff, men då må det avtalast.
Er det ikkje lov å ta kopi av stykker du Rune skriv i Møre nytt heller?
Man kan no legge ut linker også som mange gjer her på portalen.
Om man legg ut linker eller kopierer er vel det samme.
Det står no klart oppe kven som har skrive det.
Pass på folkens og ikkje kopier eller legg ut linker.
Blir det ei jul instengt bak lås og slå?
Slette den får eg heller ikkje når den er komentert Rune.
Lova til Portalen det.
La ut adressa der du finn stoffet.
Er det lovlig RUNE?
Kopiering er vel ikkje "lov" utan samtykke. I utgangspunktet er alt som ligg på nettet verna av lov om opphavsrett.
Eg driftar eit par nettstadar, og ville nok reagere om nokon kopierte innhald utan samtykke frå opphavsperson. Dette gjeld både bilder og tekst.
Men dersom nokon linkar til innhald ville eg berre synes det var heilt supert, så lenge det var gjort i tråd med god skikk og ikkje vart teke til inntekt for andre, eller brukt i kommersielt, eller i andre hensikter enn opphavsperson hadde tenkt.
Sidan eg ikkje såg kva du Perry hadde kopiert så kan eg ikkje meine noko om det, men såg berre kva du hadde skreve i kommentaren din om kopiering.
Eg fekk en telefon frå en mann som sa at han jobbet for forskinga.
Det som var rart var at han brukte sjult nummer.
Eg får sjå på saka når det blir kvardag.
lover i landet har vi og rettsapperat har vi her i landet.
Det viste eg.
Men at man ikkje kan skrive/kopiere linker til www adresser og ting man skal hjelpe folk å finne på nettet viste eg ikkje.
Har no link til Hjørundfjordportalen og Ørsta Kommune på den sida eg bruker.
Best å slette desse når det er ulovlig.
For å å ikkje gjere jula vanskeleg for deg og andre så tek vi ei avklaring her og no. Artikkelen du hadde kopiert inn og laga til for Hjørundfjordportalen var ein svært høveleg sak og godt julestoff. Tanken bak var god, og du hadde i beste meining lagt inn namnet på forfattaren. Problemet var at du hadde nytta deg av eit åndsverk utan å innhente løyve frå den som hadde opphavsretten. Dette er så enkelt at ein kan ikkje berre ta eller kopiere noko som andre eig same kva det er. Og som Rune skreiv, det handlar først og fremst om skikk og bruk.
Mi oppgåve som redaktør/administrator er å passe på at ikkje slikt skjer, og når det er tvilstilfelle så kontakter eg den som har opphavsretten dersom det er mogeleg. Dette har eg gjort i dette tilfelle også, og fått eit godt svar tilbake frå ein som kan faget. Eg legg like godt ut svaret i sin heilheit. Spørsmålet mitt gjekk ut før innhaldet i artikkelen var sletta, så Kirstin såg berre lenkja, og ho svara deretter.
Ein anna situasjon som Administrator må gripe inni, er når nokon namngjev og skulder nokon for ei straffbar handling utan det er juridisk avklara på førehand. Då må den ansvarlege gripe inn så fort som berre råd å slette. Risikoen for dette kan vi minske når nyeportalen kjem, og vi kan velje om det skal gå an å kommentere eller ikkje.Og ein må ikkje gløyme at beskriv ein personen så godt at lokale folk kjenner han igjen så er det same som namngjeving.
Som ein forstår så er ei lenke berre positivt og som styrer rett mot innehavar si side og er ikkje noko problem. Men å kopiere må ein vær forsiktig med, men ein kan bruke sitatatretten i ein eigenprodusert samanheng.
Les svaret frå Kirstin og God Jul til deg Perry og alle andre.
Hei!
Det er ikkje noko problem å lenke til eksterne artiklar på denne måten.
Dersom heile teksten hadde blitt kopiert, og lagt ut på Hjørundfjordportalen, ville det derimot bryte med opphavsretten og åndsverkslova.
Det kan også vere relevant å kjenne til sitatretten, som seier at så lenge eit åndsverk er offentleggjort, kan du fritt sitere frå det, så lenge det blir gjort i samsvar med "god skikk" og i "den utstrekning som formålet betinger".
Føresetnaden for å bruke sitatretten er at sitatet går inn i ein eigenprodusert samanheng. Som journalist brukar eg denne retten heile tida, når eg refererer til ting som har stått på trykk i andre kanalar.
Vi du vite meir, kan du kike litt på denne sida:
http://infodesign.no/artikler/nyhetsagenter.htm
Mvh,
Kristin S. Grønli
-- Kristin Straumsheim Grønli Journalist, forskning.no kristin@forskning.no
Som ein forstår så er det ikkje berre ukritisk å kopiere frå andre sider, skreve stoff eller bileter, utan løyve.
Ivar Svein Mo
Eg kan altså ha link til stoff fårstår eg.
Kven som ringde meg med sjult nummer og sa han jobbet hos forskninga er eit anna spørsmål?
Det vil eg sjekke med forskning om dei kjenner navnet.
Håper eg slepp fleire sjulte telefoner i jula.
Eg får legge stål i senga så ikkje Mara kjem og rir på meg.
Mareritt er ikkje kjekt å få i jula.
Eg har sperra telefonen min for skjult nummer eg. Eg syns alle andre burde gjort det samme, heilt til teleselskapa fjerna denne muligheita heilt og holdent.
God Jul, og hald fram med artiklar og kommentarar Perry!