Instruksar
Instruksjonar frå trenar Roger før kampen! 

Kampen starta i stort tempo med mange sjansar og flotte redningar for begge laga. Etter 11 min. var resultatet 2-3. Begge laga brende mange sjansar og målvaktene hadde nok å gjere.
Aksla rykte litt frå og pauseresultatet var 6-8.

Andre omgong fortsette i same tempo og var utruleg spennande. Laga fylgde kvarandre tett heile vegen med Aksla eit mål bedre til det stod att 3 min. av kampen. Då kom utligningsmålet. Sæbø/Åmdal var nermast siger då målvakta til Aksla redda (eller vi brende) eit straffekast i siste sekunda. Sluttresultatet vart 17-17 og Aksla måtte gi bort poeng for fyrste gong i sesongen.

Desse jentene var med i kveld:Torill, Marita, Sara (1), Tiril (1), Rebekka (flott kamp i mål ), Karoline, Hanne, Liv Grete (2), Else Marie (4), Elisabeth, Kathrine (1) og Malene (8).

Karoline
Karoline i angrep, ho vart her stygt felt og fekk straffekast!

IMG_8548
Else Marie i farta og ho

 

EM
 VIL skåre! Men blir stoppa av eit godt forsvar..

 

EM2Malene
Else Marie og Malene samspelar godt og skapar mange fine sjansar som gir mål!

Kampen var prega av stor fart difor er bilda uklare!!! Trur eg... Eller så er det fordi det var så spennande! Skal prøve å få bedre bilder neste gong, og av alle spelarane! Desse var dei einaste som var nokonlunde brukbare i kveld.