Leiaren Therese Lystad Holen for BFUL, delte ut prisen som Årets Bondaling. Nemnda hadde begrunna sitt val med at kandidaten i år dreiv bygdemobilisering gjennom hjorundfjord.no slik at alle kunne ta del i stort og smått av det som skjer.
Han skriv lett og godt, og er på plass med blokk og kamera når det er store eller små hendingar. Om det er løfsebaking eller ville fjellturar, så kan folk lese om det på portalen, på ein lett og forteljande måte, og dette vert det sett stor pris på.
Prisvinnaren har fått mykje godord for sitt engasjement, men har også fått tildels krass kritikk.Kritikken har han på ein flott måte tolt, og svingar pennen like fritt til glede for bygda og tildels heile distriktet.
Gjennom sitt utrøtteleg engasjement så får han til diskusjonar som er fruktbare og får folk til å meine noko, om samfunnsviktige saker.

Knut Hustad er utnemnd som Årets Bondaling 2007!
Knut Hustad er ei verdifull eldsjel, som vi må ta vare på i bygda, og BFUL vil gje Knut ei oppmuntring ved at han vert Årets Bondaling 2007. Dette håper nemnda kan vere eit klapp på skuldra slik han forsetter framover som han gjer i dag. Ved å heidre Knut kan også yngre sjå på han som eit førebilete, og vi kan få fleire som vil gjere ein frivillig innsats.
Gratulerer! (31.12.2007 kl. 01:23)
Dette var verkeleg vel fortjent :o)
Ingvil Viddal Nes
Gratulerer! (30.12.2007 kl. 14:25)
Takk for godt arbeid på portalen og i bygda fram til no, og vidare framover Knut! Fint at du skriv slik at også me som er utflytte forstår, og føler oss inkluderte.
Arnfinn Mork
Tusen takk (29.12.2007 kl. 22:18)
Tusen takk for dei gode orda. Dette kom altså svært uventa på meg. Det kjekke med dette "portalarbeidet" er at vi etter kvart har blitt fleire som dreg lasset i lag og at vi får nye brukarar nesten kvar dag. Dette lovar godt. Igjen: Tusen takk.
Knut Hustad
Gratulerer (29.12.2007 kl. 21:55)
Gratulerer så mykje med prisen Knut:)
Synnøve Mo
Gratulerer Knut ! (29.12.2007 kl. 13:21)
Dette var veldig fortjent.
Alf Ole Aarseth
Gratulerer! (29.12.2007 kl. 10:27)
Birgit Hustad
Hei Knut (29.12.2007 kl. 07:11)
Eg fekk helse på Årets Bondaling på Coop i Volda.
En liten prat blei det men vi skulle ha hat mykje bedre tid.
Vi får ta en prat en annen gang det høver bedre.
Børse litt må man av til.
Heldige dere som har Bellingen til å Børse på og så benken ved verkstedet til Tomas då.
Der på benken har det heilt sikkkert våre mange gode historier.
Perry Bjørke
Dette har du fortjent... (29.12.2007 kl. 00:51)
Den innsatsen du har gjort på portalen er ikkje målbar.Så eg gratulerer så mykje Knut!Vi ser fram til mykje stoff i komande år også frå deg.
Ivar Svein Mo
Kult (29.12.2007 kl. 00:31)
Knut, dette er kult.
Rune Sæbønes
Gratulerer med heiderstittelen (28.12.2007 kl. 20:37)
Og vel fortent vil eg seie :)
Roy-Magne Mo